Ikkje fleire plassar att i 3.- og 4.klassegruppene

Mange ynskjer å vera med på turn, og det er kjekt med stor pågang til gruppene. Det er diverre ikkje ubegrensa plass på turntreningane, og turngruppene for 3.klasse og 4.klasse er no fulle. Det vil ikkje bli teke opp fleire born til desse gruppene. Det er òg viktig at føresette til born som er på treningane les e-post om innmelding i Minidrett, og registrerer borna sine der.

Invitasjon til klatringens dag og friluftslivets veke

Lurar du på om klatring kan vere noko for deg? Lite erfaring med klatring eller aldri prøvd å klatre ute før?

Denne dagen stiller klubben med utstyr, sikrarar og grillmat. Det blir ikkje eit kurs, men ein mulighet til å prøve klatring ute. Du treng ingen forkunnskapar, og treng ikkje å vere medlem. Men, vi håpar sjølvsagt at du får lyst til å melde deg inn i løpet av dagen! Det blir informasjon om klatrekurs og klatreklubben sine aktivitetar utover høsten.

Aldersgrense 16-60 år.

Sjå mer på facebook

Stad: Plommehagen.

Køyr i retning Årøy/Hafslo/Sognefjellet. Etter ca. fem minutt køyring fra Sogndal sentrum er det skilta mot Ølnes. Parker her. Gå 100 meter oppover vegen og til venstre gjennom Plommehagen. Begrensa med parkering, oppfordrar til samkøyring. Skriv gjerne i kommentarfeltet her om du har ein ledig plass i bilen. Svært viktig å ikkje parkere ute i vegen, då store køyretøy skal forbi. Parker kun på grusen og ikkje på asfalt. Om du ikkje finn parkering må du parkere lenger mot Sogndal og gå tilbake.

Kvam maraton 2017: Klatring i 12 timar

Takk til alle som var med heile eller deler av dagen :)
Det vart ein flott dag og god stemning!

Grattis til: 
Beste herrelag: Olav og David
73 ruter og 23 650 poeng på 12 timar

Beste damelag: Idunn og Jenny
66 ruter og 10 450 poeng på 12 timar

Og prisen for beste kostyme gjekk til... Ingri og Åse-Marie!

Porten.no var forbi og har skrevet ein fin artikkel frå dagen

Dugnad på klatrefeltet Kvam

Sogndal klatreklubb SIL ynskjer å takke dei som stilte opp på dugnad 23. august. Me håper dei nye benkane i Plommehagen kan vere til nytte for klatreentusiaster i lang tid framover.  

Me ynskjer å takke følgande som gjorde det mogleg og var med å rydda, pussa ruter og bygde dei flotte benkane; Gro Elisabeth Dvergeland, lurkisar frå Lurkarlaget, andre studentar frå Høgskulen, medlemmar og ikkje medlemmar.

Oppstartstrening, kids og nye medlem - Taekwondo

Fyrste trening i den nye Taekwondo-semesteret vert måndag den  21. frå 18:00 - 20:00 i Idrettshallen.. Treningstida er permanent flytta til måndagar frå 18:00 til 20:00 kvar veke og treningstaden er flytta til Idrettshallen. Tidspunkt for den andre treninga i veka er enno ikkje stadfesta, men treningstidene på nettstaden blir oppdatert så snart tidspunktet er bestemt .

Oppstart for kids-treningar blir torsdag 24. kl. 16:15 til 17:30 på Trudvang skule.

Oppstart for nye medlemar blir veke 36 (Mandag 4. september blir første trening), og dei som har skrive seg på ventelista vil bli kontakta.