Invitasjon til klatringens dag og friluftslivets veke

Lurar du på om klatring kan vere noko for deg? Lite erfaring med klatring eller aldri prøvd å klatre ute før?

Denne dagen stiller klubben med utstyr, sikrarar og grillmat. Det blir ikkje eit kurs, men ein mulighet til å prøve klatring ute. Du treng ingen forkunnskapar, og treng ikkje å vere medlem. Men, vi håpar sjølvsagt at du får lyst til å melde deg inn i løpet av dagen! Det blir informasjon om klatrekurs og klatreklubben sine aktivitetar utover høsten.

Aldersgrense 16-60 år.

Sjå mer på facebook

Stad: Plommehagen.

Køyr i retning Årøy/Hafslo/Sognefjellet. Etter ca. fem minutt køyring fra Sogndal sentrum er det skilta mot Ølnes. Parker her. Gå 100 meter oppover vegen og til venstre gjennom Plommehagen. Begrensa med parkering, oppfordrar til samkøyring. Skriv gjerne i kommentarfeltet her om du har ein ledig plass i bilen. Svært viktig å ikkje parkere ute i vegen, då store køyretøy skal forbi. Parker kun på grusen og ikkje på asfalt. Om du ikkje finn parkering må du parkere lenger mot Sogndal og gå tilbake.