Orienteringsgruppa iSogndal IL og Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer barn og ungdom 8-18 år til O-leir og ungdomssamling fredag 8. oglaurdag 9. September ved Kaupanger skule og Kaupanger idrettsplass.
Frammøte: fredag 8. september kl 18 ved Kaupanger skule.
Avslutning: laurdag ca kl 13 av leir, start på KM sprint frå kl 14 (du kan også delta kun laurdag kl 9-). Leiren blir avslutta ved Kaupanger idrettplass.
Det blir mellom anna:
- skumringsløp for dei som vil fredag
- lagkamp med orienteringsmoment og litt andre oppgåver
- orienteringsleiker og basistrening
- premiar
- KM sprint laurdag kl 14-, Kaupanger idrettsplass, løyper og premiar til alle!
Ta med:
- sovepose og liggunderlag
- klede og sko til å vere ute med uansett ver
- klesskift
- handkle og toalettsaker
- hovudlykt/ lommelykt
- 200kr til overnatting og mat
Me ordnar mat til tre måltid, drikke og litt godteri til alle.
Leiren vil passe for alle ferdigheitsnivå og det sosiale kjem til å vere i fokus.
Påmelding innan onsdag 6.september til:
Jorunn Aa Albretsen, mail: jorunn.kristin@online.no, mobil: 99457432
Vel møtt ønskjer Jorunn og Anna-Karin