TERMINLISTE FOR ORIENTERING 2025

Under finn du terminliste for Sogndal IL sine treningsløp, krinsløp i Sogn og Fjordane og nasjonale løp der krinsen organiserer reise.

Meir info om barnetreningane på tysdagar finn du også på sida O-trening for barn og unge.

NESTE TRENING:

Førte trening i 2025 blir torsdag 24. april kl. 17:00 på Kvåle (Sogndal). Oppmøte mellom vgs og barne/ungdomsskulen.


Treningsløp for Sogndal IL

Treningsløp  torsdagar med fri start mellom kl 17:00 og 18.00. Løpa er opne også for dei som ikkje er medlem i Sogndal IL.

Påmelding ved oppmøte. Dei som ønskjer tidtaking bør helst starte før kl. 17:30.

Det er som oftast fem løyper å velje i, frå nybegynnar til ekspert:

  • Nybegynnar (1,5 km)

  • Lett øvd (2 km)

  • Vidarekomen (3,5-4 km)

  • Ekspert kort (3,5 km)

  • Ekspert lang (5 km)

Treningane passar for alle, frå familietur til kondisjonstrening. Spør arrangøren ved oppmøte for å få enkel opplæring i orientering om du ønskjer det.

Alle løpa blir annonsert med meir detaljert info om oppmøte, parkering m.m. på facebooksida vår: Orienteringsgruppa i Sogndal IL

Resultat frå løpa blir lagt ut på sida Aktuelt frå Orientering.

Betaling: Du kan enten betale avgift for enkeltløp eller årsavgift til o-gruppa. Sjå meir info på sida Medlemsskap/treningsavgift.

Familiesøndagar og aktivitetsdagar er eit ekstra løpstilbod vi har nokre helger der ein kan møte opp og springe løyper frå treningsløpet onsdagen før. Her vil vi ha litt ekstra fokus på det sosiale, kanskje grille og på anna vis lage det triveleg på samlingsplass. Og alle er sjølvsagt velkomne.


Vekas løype

- når du ikkje har høve å springe på torsdagar
Løypene frå treningsløpa heng ute fram til neste treningsløp. I tabellen for “Vekas løype” kan du sjå kor lenge postene heng ute. Du får tilgang til pdf av kartet umiddelbart ved å sende e-post til vekasloypesogndal@gmail.com
PS: Det kan hende tenesta ikkje er oppdatert med vekas løype før litt ut på fredag.


UsynligO

Vi legg ut dei fleste av våre treningar på UsynligO, ein app som ved hjelp av gps-en i mobilen din “plingar” når du er på posten. Slik blir det mogleg å springe løypene også etter postane er tatt inn. Merk at appen ikkje er 100% nøyaktig, og kan plinge 20-30 m “feil” i skogen.

UsynligO er gratis og tilgjengeleg for alle. Vi oppmodar alle til å legge att namn i resultatlista på appen slik at me kan få med alle som brukar løypene inn i vår statistikk.