Trening for barn og ungdom

Trening for barn i alderen 8 - 14 år

Sogndal IL orientering har trening for barn i alderen 8-14 år (2.-8.klasse) kvar tysdag våren og hausten 2024. Første trening er 9.april.

Inga karterfaring nødvendig, men barna bør ha følgje av ein vaksen til dei kjenner seg trygge sjølv. Dette er ulikt frå barn til barn og ut frå alder/kartforståing. Målet er at barna etter kvart skal klare å finne fram i skogen åleine. 

Vi oppfordrar også alle til å bli med på treningsløpa på torsdagar og andre løp og samlingar i krinsen.

Samlingar og løp i sesongen 2024

  • 2.-5.mai i Førde

  • 26.-27.mai i Sogndal

  • 15.-16.juni i Stryn

  • 8.-9.sept i Sogndal

Meld deg inn i Facebook-gruppa og Spond for å få oppdatert informasjon. Sjå informasjon om facebookside og Spond-kode lenger ned. Ved spørsmål, kontakt Ingvild Lien Molland (986 15 640).

Oppmøtetid og stad

Tysdagar 17.30-18.30

Vi trener på ulike kart og oppmøtestad vil variera. Oversikt over oppmøte ligg på sida Terminliste for orientering. Eventuelle endringar vil bli lagt på arrangementet i spond

Pris

Prisen for barnetreninga på 150kr pr sesong for barn eller 600kr for familie. Som medlem av o-gruppa kan ein også delta gratis på alle løp og arrangement o-gruppa arrangerer.

Sjå https://www.sogndalidrettslag.no/medlemsskap-treningsavgift for informasjon om korleis ein betaler treningsavgift

Anna info

Facebook: Sogndal Idrettslag - Orienteringstrening barn. Her blir det lagt ut info om diverse arrangement i o-gruppa

Spond: Gruppekode MRPPQ. I spond kjem info om oppmøte for kvar enkelt trening, me nyttar også spond til påmelding til treningane og oppmøteregistrering for premie.

Utstyr: Klede til å vera ute i skog uansett vær. Om ein vil ha Sogndal IL løpstrøye, har me nokre på lager, desse koster 299kr.

Premiering: Det blir premiering på siste vårtrening 11.juni for dei som har delteke på 6 treningar.

Trening for ungdom (15+ år)

Ungdom er velkomne på ordinære treningsløp i o-gruppa kvar torsdag (sjå terminlista). Vi har eit breidt tilbod av løyper på ulike nivå og dei som treng vil få låne utstyr og enkel opplæring i bruk av kart og kompass frå arrangøren.