Lyst å prøve Taekwondo?

Me har ledige plassar, både på kidsgruppe (1.-4.klasse) og på storgruppa (5.klasse->).

Storgruppa har oppstart for nye medlemmar måndag 3.februar. i Sogndal Idrettshall kl 18. 

Kidsgruppa har oppstart 6.februar på Trudvang skule kl 16:45.

Send ein e-post til bkvigdal@online.no om du har lyst å prøve. Du kan vere med på 4 treningar heilt kostnadsfritt før du bestemmer deg.

Taekwondo passar for alle aldrar og alle kroppar :) 

Vonar me sjåast!

Sjå meir her

Trening på tirsdager i gymsalen på Trudvang skole for mennesker med tilretteleggingsbehov

Trimgruppa tilbyr trening i gymsalen på Trudvang skule tirsdager kl 19 for ungdom og voksne med tilretteleggingsbehov i 2025.

 

Treningen er et samarbeide mellom NFU Sogndal og Vik, studenter ved HVL og Sogndal idrettslag.

Treningene har felles start og deretter stasjoner med ulike aktiviteter tilpasset den enkelte. Husk innesko. Deltakerne har med egen ledsager ved behov.

Sogndal idrettslag dekker honorar til instruktører og innkjøp av utstyr.

For å delta på trening må en derfor være medlem i Sogndal idrettslag.

For medlemskap, se informasjon på nettsiden https://www.sogndalidrettslag.no/medlem.  På nettsiden finner dere «oppskrift» på hvordan dere melder dere inn via «min idrett». Velg allidrett når dere skal velge idrettsaktivitet. Eller ta kontakt med birte.barsnes.froyd@sogndalidrettslag.no ved spørsmål om medlemskap i idrettslaget. Medlemskap koster 300 kr pr år.

Det er selvfølgelig greit å prøve seg på noen treninger for å vurdere om en vil bli medlem.

For oppdatert informasjon om treningene bli gjerne medlem i Spond (app for treningstider; lastes ned på mobil). Kode for Spond-gruppe tirsdagstrening er: https://group.spond.com/KQDSP

Resultat treningsløp Haukåsen

Det var 15 deltakarar på treningsløpet på Haukåsen 22. august.

Nybegynnar

Dennis Flåten 15:48

Elion Flåten 15:31

Lett øvd

Nils Ødegård 16:50

Jakob Lapp 30:05

Ola Kristiansen 30:27

Ella Sesiguzel 30:54

Vidarekomen

Sigrud Daniel Nerhus 1:07:45

Rohit Daniel 2:11

Frøya Finne 2:11

Ekspert kort

Yngve Nymark OK

Ekspert mellom

Jørgen Binningsbø 1:21:47

Ingebord Kvaale 1:27:10

Ekspert lang

Karin Street 1:17:07

Robert Tellvik 1:37:47

Kjetil Russenes DNF

Vekas løype, men ikkje treningsløp 9. mai

Grunna mangel på arrangør blir det ikkje organisert treningsløp i Festingdalen torsdag 9. mai slik det står i terminlista. Det står ute postar i terrenget fram til 18. mai og det er lagt til to nye løyper (lett øvd og ekspert kort) i tillegg til løypene frå sist veke. Dei som vil springe kan sende e-post til vekasloypesogndal@gmail.com for å få tilsendt kart.

Info om barne- og ungdomsklatring

På årsmøte blei det vedtatt at Sogndal Klatresenter tek over ansvaret for barne- og ungdomsklatringa frå august 2024. Me vil fortsette å ha eit tett samarbeid med klatresenteret og er trygge på at dette blir ei god ordning for store og små. Viss ein lurer på noko meir om dette, ta kontakt med oss.

Når me har meir informasjon frå Klatresenteret om oppstart, treningstider og priser, vil me legge denne informasjonen ut.

Sesongstart orientering

Hei orienteringsvennar!

 

Ein ny orienteringssesong nærmar seg og vi håper at vi får sjå deg og mange fleire på våre aktivitetar denne sesongen. Følgjande aktivitetar startar vi opp med framover:

 

Treningsløp

Kvar torsdag frå 11/4 med fri start mellom kl. 17-18. Første løp på Røvhaugane i Sogndal. Tilbodet passar nybegynnarar så vel som ekspertar og alle aldrar. Sjekk terminlista for vidare oppmøtestad: https://www.sogndalidrettslag.no/terminliste-for-orientering 

Det er gratis å delta for medlemmar i o-gruppa, men løpa er også opne for alle andre så ta gjerne med ein venn!

 

Vekas løype

Viss du ikkje har moglegheit til å delta på treninga så kan vi gle deg med at postane vert hengjande ute ei veke etter kvart løp. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com så får du tilsendt kart over vekas løyper i pdf-format som du kan skrive ut heime. Første løypene klare frå 11/4.

 

Stolpejakt / Tur-O

Sjå https://turorientering.no/https://stolpejakten.no/ eller  https://www.sogndalidrettslag.no/turorientering

 

Barnetrening for barn 8-14 år (2.- 8.klasse) 

Tilbod i Sogndal og på Kaupanger.

Kvar tysdag kl. 17.30. Oppstart 9. april på Trudvang skule (2.-4.klasse) og Sogndal vgs (5.-8 klasse). Oppstart på Kaupanger gjennom skulekarusell torsdag 18.4 på Kaupanger skule. Les meir om tilbodet her: https://www.sogndalidrettslag.no/o-trening-for-barn-og-unge  og følg med på oppdatert info her: https://www.facebook.com/groups/594731054732887/?ref=share_group_link.

 

I tillegg vil det skje mykje anna i løpet av sesongen:  Konkurransehelger 25.-26. mai på Kaupanger og 7.-8. september i Hodlekve,  Skulekarusell, Skulesprint, Verdas orienteringsveke, O-trolleirar, Finn fram-dag etc… Hald deg oppdatert via nettsida sogndalidrettslag.no og på facebook «Orienteringsgruppa i Sogndal IL»

 

Medlemskap i O-gruppa

Med medlemsskap i o-gruppa har du tilgang på alle våre løp og treningar gratis, og du får også dekka startkontingent på andre løp. Det er flott om du melder deg inn ved å bruke MinIdrett (VIKTIG at du kryssar av for orientering). Sjå rettleiing for medlemsskap her: https://www.sogndalidrettslag.no/medlemsskap-treningsavgift

Dei som allereie er medlem skal ha fått e-post med info om fornying og betaling av medlemsskap. Har du ikkje fått denne eller har spørsmål, ta kontakt med Robert Tellvik: robert_tellvik@hotmail.com

Medlemstalet vårt er saman med aktiviteten eit viktig grunnlag for støtten O-gruppa får gjennom idrettsforbund, sponsorar og andre for å drive aktivitet, vedlikehalde og teikne nye kart i heile kommunen og levere opplegg til skulane, kartopplæring for barn og vaksne m.m. Kvart medlem betyr difor mykje for aktiviteten vår.

Om du har spørsmål om treningsavgift eller anna kring O-gruppa, kan du sende spørsmål til robert_tellvik@hotmail.com eller Anna-Karin (leiar i o-gruppa) akclarin@gmail.com  

 

Håper vi ses i skogen kommende sesong!

 

O-helsing frå styret i Sogndal IL orienteringsgruppa!

Årsmøte orientering 11. mars

OPPDATERT MED SAKSPAPIR

Styret innkallar hermed til årsmøte måndag 11.mars kl. 19.00 på Sogndal vidaregåande skule, i Linesbygget (klasserom L296 ovanfor Idrettssenteret).

Har du saker du ønsker å ta opp på årsmøtet, send dette til styret seinast 4.mars.

Sakspapira finn du her: https://www.dropbox.com/scl/fo/rgcojxnhzrbj7ufs9noej/h?rlkey=okqbwxj36ycfj66gvnc6ebw8p&dl=0

Det blir servert kaffe, te og frukt.

Velkommen!

- styret i Sogndal Idrettslag Orientering

Saker sendast til styreleiar Anna-Karin Clarin: akclarin@gmail.com