Treningstider og påmelding

Våren 2024 (treningstidene kan bli endra på kort varsel):

TRENINGSTIDER

måndagar, i idrettshallen på Fosshaugane
- kl. 18:00–19:30: Kvitt belte–svart belte

tysdagar på Billaget
- kl. 19:15–20:45 instruktørar og konkurranse-team

torsdagar, i gymsalen på Trudvang
- kl. 16:30–18:00: Kids Kick
- kl. 18:00–20:00: Kvitt belte–svart belte

torsdagar på Billaget
- kl. 19:15–20:45: instruktørar og konkurranse-team

Treningsprisar per semester

kr 300,- for 1.–4. klasse Kids Kick
kr 600,- for 5.klasse og opp til 20 år
kr 1000,- for over 20 år

Når betaling for trening er registrert av kasserar, blir klubben sine instruktørar informert slik at dei som har betalt kan delta på treningane. Alle utøvarar vert innmeld i Norges Kampsportforbund. 

For å kunne trene må du vere medlem i Sogndal idrettslag. Dette er viktig då medlemskontingenten inneheld forsikring for utøvaren.  Klikk på denne linken Medlemsskap for å komme til skjema for innmelding i idrettslaget.


Påmelding

For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, ta kontakt med oss på e-post for registrering. 
Merk at treningsavgift pr. semester kjem i tillegg til medlemsskap i SIL.

Prøvetrening

Er du nyfiken på korleis det er å trene saman med oss eller usikker på om Taekwondo er like kjekt som det ser ut til å vere, så kan du delta på fire treningar utan å betale treningsavgift. ta kontakt med oss på e-post i forkant.

Treningsdrakt

Snakk med instruktør på trening for å tinge drakt. Pris: kr 450,- Faktura for drakt vert sendt ut via minidrett.no

Dersom ein også har lyst på dei lika stilige overtrekksdraktene våre kan desse kjøpast hjå Intersport. Berre spør etter Sogndal Idrettslag sin kolleksjon. Be om SIL Taekwondo sitt ryggmerke (klubblogo).