Oppstartstrening, kids og nye medlem - Taekwondo

Fyrste trening i den nye Taekwondo-semesteret vert måndag den  21. frå 18:00 - 20:00 i Idrettshallen.. Treningstida er permanent flytta til måndagar frå 18:00 til 20:00 kvar veke og treningstaden er flytta til Idrettshallen. Tidspunkt for den andre treninga i veka er enno ikkje stadfesta, men treningstidene på nettstaden blir oppdatert så snart tidspunktet er bestemt .

Oppstart for kids-treningar blir torsdag 24. kl. 16:15 til 17:30 på Trudvang skule.

Oppstart for nye medlemar blir veke 36 (Mandag 4. september blir første trening), og dei som har skrive seg på ventelista vil bli kontakta.