Vedtekter for Sogndal Idrettslag

Lov for Sogndal Idrettsiag - allianseidrettsiag, skipa 19.02.26
Vedteken av årsmøtet 18.02.99 med seinare endringar av _____(dato) (ingen førebelse endringar)
Godkjend av Idrettsstyret 22.02.99.

§ 1 FORMÅL
Laget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmer.
Laget sitt formål er å organisere idrettsiag som er medlem i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite (NIF) og drive idrett organisert i NIF.

§ 2 ORGANISATORISK TILKNYTING
Laget er medlem av NIF gjennom Sogn og Fjordane Idrettskrins.
Laget er medlem i dei særforbund som årsmøtet gjer vedtak om.
Laget har sete i Sogndal kommune og er medlem av idrettsrådet i kommunen.
Reglane i NIFs lov kapittel 1, 2, 5, 11, 12 og 13 gjeld for idrettiaget uavhengig av kva som måtte stå i laget si eiga lov.

§ 3 MEDLEMMER
Alle som lover å rette seg etter lagsiovene og byene til overordna idrettsorgan, kan bli medlem. Alle som er medlemmer pliktar å følgje byene til NIF, og dessutan dei lover og vedtekter som gjeld for NIF sine organisasjonsledd, medlemmer og for laget.
Ein søkar kan ikkje bli medlem utan at dei økonomiske pliktene i høve til andre organisasjonsledd og medlemmer i NIF er gjort opp. Medlemsskap i laget gjeld først og vert rekna frå den dag første kontingent er betalt.

§ 4 KVEN HAR RØYSTERETT OG KVEN KAN VELJAST
For å ha røysterett på laget sine møte må ein medlem ha fi1t 15 år, ha vore medlem i minst i månad, og ikkje skulde laget kontingent.
Alle medlemmene som har røysterett og som ikkje er arbeidstakar i laget, kan veljast til tillitsverv i laget, og som representant til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon.

§ 5 KONTINGENT
Kontingenten skal fastsetjast av årsmøtet og betalast på forskot.
Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje røysterett eller andre rettar, og styret kan stryke dei som medlem i laget.
Ein medlem som vert stroken, kan ikkje takast inn att før skuldig kontingent er betalt.

§ 6 GODTGJERSLE TIL TILLITSVALDE
Tillitsvalt kan ta i mot refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vert påført vedkomande i utføring av vervet. Tillitsvalt kan ta i mot eit rimeleg honorar for arbeidet sitt.
Utgifter til godtgjersle og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av laget sitt budsjett og rekneskap.

§ 7 INHABILITET
For laget sine tillitsvalde, personar oppnemnde til verv og tilsette, gjeld NIF sine inhabilitetsregler.

§ 8 STRAFFESAKER
For alle straffesaker gjeld NIF si lov kapittel 11 (NIF sine «Straffebestemmelser»).

§ 9 ÅRSMØTE
Laget sitt høgste styringsorgan er årsmøtet, som skal haldast kvart år i februar/mars månad.
Styret kallar inn til årsmøte minst I månad på førehand , direkte til medlemmene eller ved kunngjering i pressa.
Framlegg som skal handsamast på årmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Medlemmene skal ha tilgjenge til fullstendig sakliste seinast i veke før årsmøtet.
Alle medlemmer i laget har adgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades.
Årsmøtet er vedtaksført med det tal røysteføre medlemmer som møter.
Ingen har meir enn ei røyst og røystegiving kan ikkje skje ved fullmakt.
På årsmøtet kan ikkje handsamast framlegg om lovendring som ikkje er ført opp på saklista seinast i veke før årsmøtet. Andre saker kan handsamast og avgj erast når 2/3 av dei frarnmøtte krev det.
Slikt vedtak kan gjerast berre i høve godkjenning av saklista.

§ 10 LEIING AV ÅRSMØTET
Årsmøtet vert leia av valt dirigent. Dirigenten treng ikkje vere medlem av laget.

§ 11 RØYSTEGIVING PÅ ÅRSMØTET
Med mindre noko anna er fastlagt skal eit vedtak for å vere gyldig vere gjort med vanleg fleirtal av dei leverte røystene.
Val føregår hemmeleg dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg eller det vert fremja krav om det. Viss det skal vere skriftieg val, kan berre kandidatar det er gjort framiegg om førast opp på røystesetelen.
Røystesetlar som er blanke, eller som innheld kandidatar det ikkje er gjort framlegg om, tel ikkje og røystene vert rekna som ikkje avgitt.
Når eit val vert halde enkeitvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av dei leverte røystene, skal det vere bunde omval mellom dci 2 kandidatane som har fått flest røyster.
Står kandidatane likt etter omvalet, vert vaiet avgjort ved ioddtrekking.
Når fleire skal velj ast ved ei røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei leverte røystene for å vere valde. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar.
Om ikkje mange nok kandidatar far dette i fyrste omgang, er berre dei valde som har fått meir enn halvparten av røystene.
Det vert så bunde omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er dei som får flest røyster valde.
Står nokon likt etter omvalet, vert dette avgjort ved ioddtrekking.

§ 12 ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER
Årsmøtet skal:
1. Handsame laget si årsmelding.
2. Handsame laget sitt revidert rekneskap.
3. Handsame innkomne framlegg.
4. Fastsetje kontingent.
5. Vedta laget sitt budsjett.
6. Avgjere laget sin organisasjon.
7. Avgjere kva idrettsiag laget skal organisere. Dette vedtaket må ha 2/3 fleirtal.
8. Val
a) Leiar og nestleiar
b) 3 styremedlemmer og i varamedlem
c) Tilsette revisor og fastsette hans honorar
d) Representantar til ting og møte i dci organisasjonar som laget er tilslutta.

§ 13 OMFRAMT ÅRSMØTE
Omframt årsmøte vert halde når styret eller overordna idrettsorganisasjon gjer vedtak om dette, eller når minst ein tredel av dei røysteføre medlemmene krev det.
Møtet vert kalla inn på same måte som vanleg årsmøte med minst 14 dagars varsel.
Omframt årsmøte kan berre handsame og ta avgjerd i dci sakene og som er gjort kjent i innkallinga.

§ 14 STYRET
Laget vert leia av styret, som er laget sitt høgste organ mellom årsmøta.
Styret skal:
1. Setje i verk vedtak og avgjerdsler som vert gjorde av årsmøtet og av overordna idrertsoran.
2. Nemne opp komitear, utval og personar for særskilde oppgåver etter behov. Utarbeide instruks for desse.
3. Administrere og føre nødvendig kontroll med laget sin økonomi i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande instruksar og vedtekter for idretten.
4. Representere laget utover.
Styret held møte når leiaren eller eit fleirtal av medlemmene i styret krev det.
Styret kan gjere vedtak når eit fleirtal av medlemmene i styret er tilstades.Vedtak vert gjort med fleirtal av dei avgitte røystene. Ved likt røystetal, er røysta til møteleiaren avgjerande.

§ 15 TILHØVET TIL DEl IDRETTSLAG SOM ALLIANSE-LAGET ORGANISERER

§ 16 LOVENDRING
Endringar i denne lov kan berre gjerast på vanleg eller omframt årsmøte, etter å ha vore ført opp på saklista, og krev to tredels fleirtal av dei leverte røystene.
Lovendringane må sendast Idrettsstyret for godkjenning, og trer ikkje i kraft før dei er godkjende. § 17 kan ikkje endrast.

§ 17 OPPLØYSING
Oppløysing av laget kan berre handsamast på vanleg årsmøte.
Vert oppløysing vedteke med minst to tredels fleirtal, skal omframt årsmøte haldast 3
månader seinare. For at laget skal bli oppløyst, må vedtaket her gjerast oppatt med to tredels fleirtal.
Samanslåing med andre lag vert ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette, skal gjerast i samsvar med reglane om lovendring jfr. § 16. I fall oppløysing eller annan nedlegging av laget, skal laget si eige førast over til
Norges Idrettsforbund eller føremål godkjend av Idrettskrinsstyret.
I fall oppløysing skal laget sitt arkiv sendast til idrettskrinsen.