Barne- og ungdomsklatring

Velkommen til barne- og ungdomsklatring.

Treningstidene er:
1. klasse mandag kl. 17-18:30
2. klasse onsdag kl. 17-18:30
3. - 4. klasse torsdag kl. 17-18:30
5. - 7. klasse torsdag kl. 18-20
8.klasse og oppover onsdag kl. 18-21

Grunna stor pågang hausten 2022 og våren 2023 er 1. og 2. klasse delt opp. Det er avhengig av antallet deltakarar om ein har det slik seinare eller om dei er kun onsdagane.

Alle gruppene unntatt ungdomsgruppa er fulle for dette semesteret. Me har ny påmelding på hausten.

Generell info:

Barne- og ungdomsklatringen er delt opp i klassetrinn. Alt etter kor mange det blir på dei ulike trinna kan det vere endringar mtp dager. Trinnet for ungdommar vil ha fokus på trening, teknikk og styrke og difor kan det vere at nokre av 8. klassingane vil kanskje passe betre på trinnet som er tenkt 5-7 klasse. Instruktørane vil vurdere dette fortløpande.

Klikk her for påmelding

PRIS:

Pris barne- og ungdomsklatring:
1.-2. klasse: 700 kr.
3.-4. klasse: 700 kr
5.-7. klasse 700 kr
8.-10. klasse: 500 kr (pga desse har dyrare medlemskap på klatresenteret har klubben redusert ned prisen deira)

NB! Nytt frå hausten 2021 er at alle deltakarane må vere medlem på Klatresenteret for å kunne delta på barne- og ungdomsklatring. Barn under 13 år, der 1 av foreldre har plussmedlemskap, slepp kravet om at deltakaren må vere medlem av Klatresenteret.

Sogndal Klatreklubb har fått eigne medlemskapspris. Dette forutsett medlemskap i Sogndal Klatreklubb.

SKK Barnemedlemskap (3-12 år) kr. 149,- per mnd
SKK Klatremedlemskap ungdom kr 349,- per. mnd

For dei som vil teste ut klatring først, kan betale drop-in i resepsjonen på kr. 75,- per gang.

Årsavgift i Sogndal Klatreklubb SIL
Student: kr 150,-
Vaksen: kr 200,-
Barn: kr 50,-

Medlemskontingent SIL: kr 300,-


FACEBOOKGRUPPER

Me har ulike grupper på Facebook som brukast til kommunikasjon mellom foreldre/ungdom/instruktør/foreldrerepresentant

Søk dei opp:

SIL Barneklatring 1-2 Klasse
SIL Barneklatring 3-4 Klasse
SIL Barneklatring 5-7 Klasse
SIL Barneklatring Ungdom

PÅMELDING AV FLEIRE KURS ELLER DELTAKARAR:

Uavhenging om ein har deltatt på barne- og ungdomsklatring for tidlegare semester må ein melde seg på igjen kvart semester.

Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller å melde på fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.

COVID-19:

Det kan bli enkelte forandringar mtp koronasituasjonen, samt det kan skje forandringar i treninga på kort varsel. Vi håpar at barn, unge og vaksne har forståing for dette. Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.

Vi følger smittevernråd frå FHI og vil tilpasse treninga om nye råd eller veiledninger skulle tilseie dette. Det er viktig at alle barn og unge berre kjem på trening om dei er heilt friske og held seg heime elles.

Forsikring

Viktig! Ein må ha meldt deltakaren inn i Sogndal klatreklubb SIL på MinIdrett før ein startar på klatringa.
Det gjerast her: https://minidrett.nif.no/
meld medlemsskap" til "Sogndal idrettslag" og gruppa "Klatring".

Følg gjerne denne rettleiinga; http://www.sogndalidrettslag.no/minidrett

Ein må vere registrert i minidrett under "Sogndal idrettslag" og "Klatring" for å vere forsikra og for å kunne delta på barneklatringa.

Kontakt & påmelding

For spørsmål generelt om barne- og ungdomsklatring ta kontakt med
e-post: skk.barneogungdomsklatring@gmail.com

Klikk her for påmelding