Turn

Innkalling til årsmøte i Sogndal turn

Styret i Sogndal turn kallar inn til årsmøte 3. mars i Flostova på Fosshaugane Campus kl 1800.

 

Saklista følgjer under. Har du saker, må dette meldast styret, ved leiar Ina K Wilhelmsen, innan 24. februar på epost: inakw@hotmail.com

Sakliste:

 

1.    Opning av årsmøtet

2.    Godkjenning av innkalling og sakliste

3.    Val av ordstyrar og skrivar

4.    Godkjenning av årsmelding

5.    Godkjenning av rekneskap 2020 og budsjett 2021

6.    Val

7.    Ymse

Turntreningane går som vanleg!

I tråd med nasjonale retningsliner for smittevern, er me glade for å kunne melda at turntreningane fra og med måndag 7.2. er attende til normalen.

Dette betyr at restriksjonane og endringane me har hatt i januar ikkje lenger gjeld.

Me gler oss over å kunne ynskja alle turnarar attende til “vanlege” treningar utan oppdeling i kohortar.

Minner likevel om gjeldande reglar for smittevern, og ber om at turnarar som har symptom held seg heime.

Vel møtt!

Innlegg i Sogn Avis om basishall

Leiaren for Sogndal Turn, Ina K. Wilhelmsen, skreiv 27.10.21 eit innlegg i Sogn Avis om viktigheta av den tilrådde basishallen både for turn og andre breiddeidrettar i kommunen. Me heiar på basishall, og publiserer innlegget her, for dei som ikkje tingar Sogn Avis:

Ein etterlengta hall

 

Turn er i vekst i Sogndal. Me har medlemmar frå heile region, og kan i dag gi eit godt og breitt tilbod. Slik har det ikkje alltid vore. Me var tidlegare i gymsalen på Trudvang. Dette gjorde til at ikkje alle som ville turne, fekk lov. Der måtte me sette eit tak på kor mange som kunne delta på kvar trening for å unngå kaostilstandar og dårleg utbytte av ei treningsøkt. Det ga også begrensningar på kva øvelsar ein kunne trene på. Dette gjorde at mange slutta fordi ein ikkje klarte å utvikle seg meir med dei fasilitetane som var tilgjengeleg. Den no tilrådde basishallen vil kunne gi alle utøvarane utfordringar og mestring på alle nivå. 

 

Ein av grunnane til at turn er i vekst, er at me flytta treningane til Vesterland. Arne Glenn Flåten stilte gjerne opp for oss og strekke seg langt for at me skal få gode treningsfasilitetar. Arne Glenn Flåten gjer ikkje dette for å tena pengar på at breiddeidretten i Sogndal ikkje har betre vilkår i dag. Han gjer dette fordi han, både som politikar og innbyggjar i Sogndal ynskjer at borna våre skal ha eit aktivitetstilbod å gå til. Det er ikkje alle som er interessert i ballidrett og difor er det viktig at med breidde. Breiddeidretten kan ikkje vere avhengig av private bedrifter stiller opp på dugnad for at borna våre skal ha eit godt nok tilbod. 

 

Me i Sogndal turn er så heldige at me har fleire eldsjeler som bidreg fortsatt og har gjort det same med foreldregenerasjonen som veks opp i dag. Utan desse ville det kanskje ikkje vore eit turntilbod i Sogndal. Den nye basis- og fleirbrukshall vil gi etterlengta fasilitetar og ein utvikling av ikkje berre turn-miljøet, men også dei aller fleste idrettane i Sogndal. For oss i Sogndal turn er det viktig at alle skal føle meistring og at det skal vere ein trygg plass å vere. Difor er det med stor glede at me no ser at basis- og fleirbrukshallen blir prioritert av vår politikarar. Ein basishall som har dei rette elementa både til utvikling og meistring på alle nivå. Og fleirbrukshallen vil gi oss ei treningsflate som er sårt etterlengta.

 

All aktivitet er avhengig av ein infrastruktur. Ein kan ikkje forventa at ein skal få til eit godt miljø utan fasilitetar. Og breidda treng også desse fasilitetane. Etter storhallen kom, auka aktiviteten innan fotballen fordi den fekk ein arena som var tilgjengeleg 365 dagar i året. Skal me klare å fostre opp utøvarar innan andre idrettar, må me starte med infrastruktur. No treng breidda dei same vilkåra. HURRA for politikarane som har teke denne viktige slutninga

 

Ina K. Wilhelmsen

Leiar Sogndal turn

 

 

Oppstart turntreningar veke 35

Oppstart turntreningar

Turntreningane startar opp att på Vesterland i veke 35, måndag 30.8 og onsdag 1.9.

Me gler oss til å sjå både “gamle” og nye turnmedlemmer i aktivitet!

Er du usikker på treningstidene? Sjå under “Treningstider/Påmelding” på undersida til turn. For meir informasjon om dei ulike partia, sjå “Aktuelt fra Turn”. Der finst det også ei steg-for-steg-rettleiing for manøvrering i dei mange irrgangene til Min Idrett.

Til føresette: ver venlege å ta omsyn ved levering/henting. Merk at det er trangt om plassen på parkeringa framfor Vesterland. Nytt dei andre parkeringane som finst i området, det er godt skilta! Me oppmodar elles om samkøyring, det er godt for både tidsklemma, klimaet og ettermiddagskvilen.