Sogndal turn sitt årelege episke juleshow går av stabelen 1. desember! kl 15:30 og kl 18:00 på Vesterland!
Åpen hall på Vesterland
8. november inviterar Sogndal idrettslag turn til åpen hall på Vesterland!
Trykk her for å melde deg på!
Turn: Vennekonkurranse 2024!
Turn startar oppatt veke i 36
Velkommen attende!
Vil du bli turntrenar for 1. klasse?
Ekstraordinært årsmøte - turn
Sogndal idrettslag turn kallar med dette inn til ekstraordinært årsmøte 12. juni kl 18:00 i Flo Stova på Campus.
Sakliste
Treningsavgift.
Turn våroppvisning 2024
Info om barne- og ungdomsklatring
På årsmøte blei det vedtatt at Sogndal Klatresenter tek over ansvaret for barne- og ungdomsklatringa frå august 2024. Me vil fortsette å ha eit tett samarbeid med klatresenteret og er trygge på at dette blir ei god ordning for store og små. Viss ein lurer på noko meir om dette, ta kontakt med oss.
Når me har meir informasjon frå Klatresenteret om oppstart, treningstider og priser, vil me legge denne informasjonen ut.
Dalalåven open - Heradsmeisterskap 2024
Sesongstart orientering
Hei orienteringsvennar!
Ein ny orienteringssesong nærmar seg og vi håper at vi får sjå deg og mange fleire på våre aktivitetar denne sesongen. Følgjande aktivitetar startar vi opp med framover:
Treningsløp
Kvar torsdag frå 11/4 med fri start mellom kl. 17-18. Første løp på Røvhaugane i Sogndal. Tilbodet passar nybegynnarar så vel som ekspertar og alle aldrar. Sjekk terminlista for vidare oppmøtestad: https://www.sogndalidrettslag.no/terminliste-for-orientering
Det er gratis å delta for medlemmar i o-gruppa, men løpa er også opne for alle andre så ta gjerne med ein venn!
Vekas løype
Viss du ikkje har moglegheit til å delta på treninga så kan vi gle deg med at postane vert hengjande ute ei veke etter kvart løp. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com så får du tilsendt kart over vekas løyper i pdf-format som du kan skrive ut heime. Første løypene klare frå 11/4.
Stolpejakt / Tur-O
Sjå https://turorientering.no/, https://stolpejakten.no/ eller https://www.sogndalidrettslag.no/turorientering
Barnetrening for barn 8-14 år (2.- 8.klasse)
Tilbod i Sogndal og på Kaupanger.
Kvar tysdag kl. 17.30. Oppstart 9. april på Trudvang skule (2.-4.klasse) og Sogndal vgs (5.-8 klasse). Oppstart på Kaupanger gjennom skulekarusell torsdag 18.4 på Kaupanger skule. Les meir om tilbodet her: https://www.sogndalidrettslag.no/o-trening-for-barn-og-unge og følg med på oppdatert info her: https://www.facebook.com/groups/594731054732887/?ref=share_group_link.
I tillegg vil det skje mykje anna i løpet av sesongen: Konkurransehelger 25.-26. mai på Kaupanger og 7.-8. september i Hodlekve, Skulekarusell, Skulesprint, Verdas orienteringsveke, O-trolleirar, Finn fram-dag etc… Hald deg oppdatert via nettsida sogndalidrettslag.no og på facebook «Orienteringsgruppa i Sogndal IL»
Medlemskap i O-gruppa
Med medlemsskap i o-gruppa har du tilgang på alle våre løp og treningar gratis, og du får også dekka startkontingent på andre løp. Det er flott om du melder deg inn ved å bruke MinIdrett (VIKTIG at du kryssar av for orientering). Sjå rettleiing for medlemsskap her: https://www.sogndalidrettslag.no/medlemsskap-treningsavgift
Dei som allereie er medlem skal ha fått e-post med info om fornying og betaling av medlemsskap. Har du ikkje fått denne eller har spørsmål, ta kontakt med Robert Tellvik: robert_tellvik@hotmail.com
Medlemstalet vårt er saman med aktiviteten eit viktig grunnlag for støtten O-gruppa får gjennom idrettsforbund, sponsorar og andre for å drive aktivitet, vedlikehalde og teikne nye kart i heile kommunen og levere opplegg til skulane, kartopplæring for barn og vaksne m.m. Kvart medlem betyr difor mykje for aktiviteten vår.
Om du har spørsmål om treningsavgift eller anna kring O-gruppa, kan du sende spørsmål til robert_tellvik@hotmail.com eller Anna-Karin (leiar i o-gruppa) akclarin@gmail.com
Håper vi ses i skogen kommende sesong!
O-helsing frå styret i Sogndal IL orienteringsgruppa!
Årsmøte torsdag 11. april 2024
Avslutning Alpint
Bli med på Rugby!
Basketball-gruppa med flere treningstider!
Årsmøte SIL Turn
Barne- og allidrettsgruppa inviterer til årsmøte onsdag 14. februar 2024
Barne- og allidrettsgruppa i Sogndal Idrettslag inviterer alle som har lyst til å delta på årsmøtet!
Tid: Onsdag 14. februar 2024 kl 19.30-21.00
Sted: Campus Sogndal. Flostova, Idrettsbygget, 2. etg.
Barne- og allidrettsgruppa trenger foreldrerepresentanter inn i styret! Kan du tenke deg å bli med? Ta kontakt med Ellen Blom: ellen.blom@hvl.no/ tlf: 911 25943.
Saksliste for årsmøte 2024
Opning av årsmøtet
Godkjenning av innkalling og sakliste
Val av ordstyrar og skrivar
Gjennomgang av alle barne- og allidrettsgruppene: Status og tankar framover
Info om pågåande prosjekt og tilskot til nye prosjekt i regi av Aktivitetsguidane
Godkjenning av årsmelding
Forslag til nye søknader om tilskotsmidlar i 2024
Godkjenning av rekneskap 2023 og budsjett 2024
Val
Ymse
Ny medaljefangst til Taekwondo
Trening- og graderingshelg for Taekwondo
Berre ei veke til trening- og graderingshelg og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum og våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi og Runar Langeteig + konkurranseteamet vårt!
Rydd helga og meld deg på! https://www.letsreg.com/no/event/sil_tkd_trening-_og_graderingshelg_januar_2024
Me gledar oss til å sjå dykk alle!
NM-medaljar til SIL-taekwondo
Fantastisk utteljing på NM! Gull, sølv og bronse til utøvarane våre. Måndag feira me med kake på trening!
Embla, Ida, Emilie og Elin, saman med trenar og coach Runar har den siste tida trent og konkurrert i stilarten pomsae. Dei har henta heim mykje medaljar nasjonalt og kan også vise til fleire gode preasjonar i internasjonale arrangement. På NM på Sandane hamne alle utøvarane våre på pallen, og klubben har no fått sin fyrste noregsmeister.