Juleferie - 2015

Jula nærmar seg, og det vert juleferie i samband med turntreningane. 

4. og 5. klasse har siste trening mandag 14. desember, og startar opp igjen mandag 11. januar. 

6. klasse har siste mandagstrening før jul 14. desember, og torsdagtrening 17. desember. 6. klasse startar opp igjen med treningane sine mandag 4. januar

7. klasse, og 8.klasse - vidaregåande skule  har siste trening onsdag 10. desember, og startar opp igjen 13. januar. 

 

Pensumseminar på Skedsmo den 7.-8. November

Pensumseminar på Skedsmo den 7.-8. November. Ein gylden sjanse til å pussa på teknikkane sine og vera med på mykje morro!

Timeplanen for seminaret finn du her

For å melde seg på pensumseminaret tek ein kontakt med Kristin Ylvisåker via Facebook eller epost (kristinylv@hotmail.com). Siste påmeldingsfrist er Torsdag 29. Oktober.

Olav Arild har våre i kontakt med http://www.olavsgaard.no/. Dei har bra med ledige rom, både enkelt og dobbeltrom, men det kan likevel vere lurt å booke så fort de har meldt dykk på. Når de tingar rom er det viktig at de opplyser om at de skal ha til idrettspris. Prisen er då 704,- for enkeltrom og 1024,- for dobbeltrom. 200,- for evt ekstraseng.

Semesteravgift SIL Taekwondo Hausten 2015

Det er no tid for å betale treningsavgift til Sogndal Taekwondo for haustsemesteret. Betalinga skjer elektronisk her:

https://www.deltager.no/semesteravgift_haust2015

 

I tillegg må du som utøvar i SIL Taekwondo betale medlemsavgift til Sogndal Idrettslag. Dette er ei årleg betaling.
Her betalar du denne avgifta:

http://www.sogndalidrettslag.no/bli-medlem

Oppstart barneidrett 2. og 3. klasse

Torsdag15. oktober blir det oppstart av for 2. og 3. klasse i gymsalen på Trudvang klokka 17.30 - 18.30. Hovedansvarleg for treningane i år er Karoline Uglum Stensby og ho har med seg Marte Bleka. Det blir hovedvekt av turn på treningane, då det er dette desse jentene har mest erfaring med. Vi ønskjer gamle og nye turnarar velkomne til trening!!!

Handleveke på Intersport med 20 - 30 og 60 % rabatt

Saman med vår sammarbeidspartner Intersport Sogndal arrangere SiL ei handleveke med ekstra flotte rabattar til alle SiL medlemmar :-)

Sjå informasjonsplakat.

I tillegg til dei rabattane som er lista opp på informasjonsplakaten blir det 60 % superrabatt på på SiL sin eigen klubbkolleksjon. Sjå fotomontasje og prisar nederst på sida....