Barneidretten for dei yngste startar att i gymsalen på Trudvang onsdag 28. september klokka 1600-1700. Inngang til gymsalen er via garderobane, og trapp ned til desse er frå skuleplassen midt mellom murbygget og musikkrommet.
Vel møtt til trening!
Barneidretten for dei yngste startar att i gymsalen på Trudvang onsdag 28. september klokka 1600-1700. Inngang til gymsalen er via garderobane, og trapp ned til desse er frå skuleplassen midt mellom murbygget og musikkrommet.
Vel møtt til trening!
Barneidretten vil tysdag 27. september bli ute på skuleplassen på grunn av arrangement i gymsalen. Ta på kle og sko som høver for uteaktivitet.
16 løparar stilte til start på Kaupanger skytebane onsdag 21.09. I tillegg løp 21 spreke ungdommar frå klasse 9A på Kaupanger skule fredag 16.09.
Løype og namn | Tid |
---|---|
Enkel 1,8 km | |
Johan Stormyr Lund | 39.11 |
Inge Lund | 39.11 |
Mie Dahl Pind | 40.02 |
Ida, Tarjei og Amund | utan tid |
Viderekommen (C-løype) 2,6 km | |
Øystein U. Henjum | 21.44 |
Kari Grinde | utan tid |
Mosjon (B-løype) 3,4 km: | |
Siri Torgals | 51.47 |
Kort ekspert 3,1 km: | |
Jorunn Aa Albretsen | 41.00 |
Oddbjørn Ramstad | 60.02 |
Maren enget | utan tid |
Ingvild Andersen | utan tid |
Lang ekspert 4,3 km: | |
Bård Basberg | 43.02 |
Casper Andersen | 50.04 |
Tore Frimannslund | utan tid |
O-gruppa stilte med stand og løyper på frivilligdagen i Sogndal laurdag 19. september.
Desse deltok i sentrumsparken:
Deltakarliste: |
---|
Aske Christensen |
Gunnar Riiser |
Daniel Riiser |
Ingrid Bergheim |
Anne Bergheim |
Kristian Bergheim |
Andrea Weinbach |
Erlend Bakke |
Tore Bakke |
Ingeborg Skjeldestad |
Sunniva Skjeldestad |
Tirill Skorve |
Sondre Svedal |
Hedda Svedal |
Katja Eliassen |
Thelma Ruud Vestgård |
Bra onsdagsløp med start på museet på Kaupanger / De Heibergske samlinger. 27 deltakere.
Løype og navn | Tid |
---|---|
N-løype 1,3 km | |
Theo V. Rørvik | 35.12 |
C- løype 2,2 km | |
Tonje K. Slettemo | 36.21 |
Line Tjetland | 36.21 |
Håkon Aa Albretsen | 53.48 |
Vegard Aa Albretsen | 54.40 |
Emil Andre Grønsberg | 54.40 |
B-løype 3,7 km | |
Tor Frøysaker | 47.11 |
Håvard Tofte | 51.15 |
Simen Hjelmeland | 52.19 |
Vetle Dirdal | 52.28 |
Astri Knutsen | 70.00 |
Ingrid Andersen | 70.00 |
Hildegun Solheim | 80.12 |
Maren Enget | 80.53 |
Marte Dæhlin | 80.53 |
Kristin Hage | 80.53 |
Guro K. Langehaug | 93.37 |
Ingunn E. Kjærstein | 94.07 |
Marianne Caspari | 94.07 |
A-løype kort 2,9 km | |
Mari Basberg | 35.33 |
Bård Basberg | 37.15 |
Eirik Aa Albretsen | 51.41 |
Jorunn Fjermestad | 57.50 |
Anna-Karin Clarin | utan tid |
A-løype lang 4,4 km | |
Robert Tellvik | 42.21 |
Jorunn Aa Albretsen | 58.18 |
Casper Andersen | 62.28 |
Det blir oppstart av barneidrett for 5/6-åringar tysdag 20. september klokka 17.30 - 18.30 i gymsalen på Trudvang. Vi minner om at de må nytte inngangen frå skuleplassen. Trenarar denne sesongen er Marit Kvåle Loftesnes og Ellen Blom. Vi ønskjer vel møtt til trening!
Endelig oppholdsvær! 25 glade o-løpere stilte til start på Dalåker
Resultatliste: | |
---|---|
Enkel 1,1 km | |
Eskil Frimannslund | 32.07 |
Brage Frimannslund | 32.07 |
Ingrid Hove Harkjerr | 32.07 |
Solveig Bang | 32.07 |
Viderekommen 2,3 km | |
Ragnhild & Ingrid | 42.29 |
Ingrid Hynne & Sigurd | uten tid |
Halvor Dannevig | uten tid |
Mosjon 2,6 km | |
Line Tjetland | 60.05 |
Tonje Slettemo | 60.05 |
Juha Andersson | uten tid |
Kristin Hage | uten tid |
Kari Grinde | uten tid |
Marte Dæhlin | uten tid |
Ekspert kort 2,9 km | |
Anna-Karin Clarin | uten tid |
Oddbjørn Ramstad | uten tid |
Simen Romstad | 51.02 |
Eirik Aa Albretsen | 51.02 |
Ekspert lang 4,4 km | |
Robert Tellvik | 37.19 |
Casper Andersen | 41.47 |
Karl Helge Albretsen | 47.35 |
Jorunn Aa Albretsen | 51.00 |
Sverre Aasen | 53.56 |
Tore Frimanslund | uten tid |
Imponerende at 21 løpere stilte til start på Arnfinnstølen i pøsende regnvær.
Resultater 24.08: | ||
---|---|---|
Nybegynner: | ||
Eskil Frimannslund | Utan tid | |
Brage Frimannslund | Utan tid | |
Ingrid Hove Harkjerr | Utan tid | |
Mosjon: | ||
Elise Elvhøy | 70.30 | |
Marit Grønningsæter | 70.31 | |
Kari Grinde | 82.00 | |
Siri Torgals | 82.0 | |
Håkon Aa Albretsen | Utan tid | |
Eirik Andreas Albretsen | Utan tid | |
A-kort: | ||
Torbjørn Stokke | 66.00 | |
Jorunn Fjermestad | Utan tid | |
Jorunn Aa Albretsen | Utan tid | |
A-lang: | ||
Karl Helge Albretsen | 54.00 | |
Ingvild Bjørhei | 58.00 | |
Bård Basberg | 71.00 | |
Sverre Aasen | 71.01 | |
Terje Valen Høihjelle | 71.00 | |
Ina Charlotte Moe | 71.30 | |
Tore Frimannslund | 74.00 | |
Tore F. Lie | 81.00 | |
Mari Basberg | Utan tid |
15 løpere stilte til start i Amla / Festingedalen.
N-løype
Eskil Frimanslund 51.47
Brage Frimanslund 51.47
Solveig Hove Bang 51.47
Ingrid Hove Harkjerr 51.47
Åsna Helleve 55.52
Sigurd H Orkelbog 55.52
Jarle H Orkelbog 55.52
C-løype
Eirik Aa Albretsen 19.32
Marte Dahlin 25.36
A-kort
Torbjørn Stokke 1.07.24
Siri Torgals Utan tid
A-lang
Mari Basberg 58.06
Casper Andersen 58.29
Sverre Aasen 1.01.00
Bård Basberg 1.03.51
Tid for å betale ny semsteravgift. Trykk her for å komme til registreringsskjemaet.
No er programmet for kick-offen klart!
Symjetreninga startar oppatt i veke 35 (1.september). Treningstida vert torsdagar kl. 18.00-20.00 for barn og ungdom. Me gjekk tidlegare ut med trening også på tysdagar, men har valgt å avvente litt med denne dagen då tildelt treningstidspunkt var noko ugunstig.
Treningane vert i Lustrabadet dette halvåret pga. vedlikehald av idrettshallen/symjehallen i Sogndal. Avreise er kl. 17.15 frå skysstasjonen, forventa ankomst tilbake i Sogndal ca. kl 21. Me organiserer køyring med privatbilar + trenar (rullering mellom foreldra). For påmelding og spørsmål kontakt Ingunn Stavø tlf.: 92612639, e-post: inghatstavo@hotmail.com
Trenar (Marie Øverland) ønskjer å få ei melding om kven som kjem til kvar trening. Send difor ein sms innan kl. 18 dagen før. Mobnr 90124957
For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, registrere seg på MinIdrett. http://www.sogndalidrettslag.no/minidrett/ Vi ber om at dette blir gjort før utøvaren møter til sin første trening.
Prøvetrening
Om du er nyfiken på korleis det er å symje saman med oss eller om symjingtrening faktisk er like kjekt som det ser ut til, då kan du delta på to treningar utan å betale.
Vasstilvenningskurs
Me jobbar i tillegg med å få til eit vasstilvenningskurs for dei yngste på Vesterland seinare i haust. Meir info kjem etterkvart.
Fredrikstad 11.06.2016
Trond Schøyen Høgi og Lasse Lerum gjekk i helga opp til 4.dan på den tradisjonelle sommarleiren i Fredrikstad. Denne graden betyr at dei kan titulere seg Master i sin kampsport.
Trass i at dei no er hovudinstruktørar i kvar sin klubb, Trond i Sogndal, og Lasse i Vevring, har dei trent saman sidan dei var svært unge. Då Trond starta var det med Lasse som instruktør. Trond var med å starte dagens Taekwondoklubb i Sogndal, og Lasse starta klubben i Vevring. Dei er båe einige om at det å få gjere graderinga saman gjorde det til ei heilt spesiell oppleving.
Det er uråd å rekne på kor mange timar dei to har brukt på Taekwondo, for å nå det nivået dei no er på. Ikkje er det viktig heller. Det viktigaste har alltid vore gleden ved å stadig lære og meistre nytt pensum. For utlærd vert ein aldri. Og like viktig som eiga mestring er å instruere og sjå elevane utvikle seg.
Når ein brukar så mykje tid på idretten sin er det klart at det vert ein livsstil. Dei to har eit stort kontaktnett, i inn og utland, og med Internett er det ikkje viktig kvar i verda ein befinn seg. Det er lett å spørje andre masterar og grandmasterar, og svar får ein alltid. Dei to trekk fram master Morten Sunnset Larsen og miljøet i Skedsmo Tan Gun Taekwondo som viktige for dei to klubbane i Sogndal og Vevring.
Me er med i interesseorganisasjonen Taekwondo Alliance Norway (TAN), saman med Skedsmo og tre andre klubbar, og det er viktig å ha slike vennskapsklubbar. Men ekstra gode vener er sjølvsagt me i Sogndal og Vevring. Me besøker kvarandre og trenar saman når me har anledning, og er alltid gjensidig opptekne av at det går bra for alle utøvarane våre i konkurransar og graderingar.
I nydeleg solskin held 200 deltakarar hus i Kongsteen hallen, like ved gamlebyen i Fredrikstad, kjend frå årets ”Anno”.
Det kitla i magen, og eg hadde nesten ikkje lyst på frukost i dag tidleg. Men no gjer det ingenting, for eg greidde det, seier ein av dei unge deltakarane. Det kitlar i magen på oss vaksne óg, seier Olav Arild Barsnes. På eigne vegne, men sjølvsagt like mykje på dei unge sine vegne. Det er like spennande kvar gong, men du verden så moro det er å sjå mestringskjensla når dei vert applaudert av golvet etter å ha vist fram pensumet sitt. Heldigvis gjekk det bra med alle.
Nesten 50 deltakarar med foreldre og sysken har teke vegen frå Sogndal denne helga. Å gradere seg til nytt belte er sjølvsagt viktig, men like viktig er det å møtast, å bli kjend med nye vener, og å hente heim inspirasjon og kunnskap frå svært dyktige utøverar frå inn- og utland. Dette er vorte ein tradisjon. Me reiser heile familiane. Mange legg inn reservasjon på hotellrom for neste år i det dei sjekkar ut.
Taekwondo er ein Koreansk kampsport, med svært gamle røter. Teknikkane har m.a henta inspirasjon frå kampsportar i nabolanda (Karate i Japan og Kung-fu i Kina).
Taekwondo er i dag ein global internasjonal idrett og ein olympisk konkurranseidrett. Den er mellom dei 10 mest utbredde idrettar i verda, med 50 millionar utøvarar. I Noreg er det ca. 16500 utøvarar, noko som gjer Taekwondo til den største kampsporten her i landet. Direkte oversatt betyr «taekwondo» fot, hånd og kunst/veg. Tae (fot), symboliserer kroppen sine nedre deler, altså føter . Kwon (hand) symboliserer kroppen sin øvre del, altså overkroppen. Do (kunst/veg) symboliserer hovudet, det vil seie tanken eller ånden.