Sognahelg og Frivilligdag!

Laurdag 17. september er det duka for den store Frivilligdagen i Sogndal sentrum. Frivillige lag og organisasjonar i Sogndal kommune vil presentera sitt arbeid med standsbord i Sentrumsparken, nokon også med enkel aktivitet/underholdning som viser fram lagsarbeidet.

For Sogndal idrettslag stiller mellom anna Tonje Norheim Tangerud og Kristine Celius fra Arbeidsutvalet. Kom og møt dei på stand for ein prat og ein kopp kaffe (eller saft). Dei vil vere tilgjengeleg for spørsmål og diskusjon mellom kl. 11.00 og 14.00. Kanskje sitter du med eit ønske om å bli med i eller engasjere deg i Sogndal idrettslag? Saman kan de nok finne noko du kan bidra med.

Frivilligdagen er bare eit av fleire arrangement i Sogndal denne helga. For meir info om Sognahelg, sjå Sogndal kommune si nettside eller ta ein titt på eventet på Facebook her.