Aktuelt framside

Budsjettkamp i Sogndal kommune

Eg skriv for å informere om budsjettkampen som no pågår i Sogndal kommune.

Etter mange års kamp for å på plass ein basis- og fleirbrukshall er arbeidet komt i gang, og idrettslaget trudde at ein over 10 års kamp no nærma seg slutten.

Fleire av oss og i gruppene har teke til å drøyme og planleggje for utvikling og ny aktivitet :-)

Sist veke kom det difor overraskande på oss at kommunen sin rådmann no føreslår å droppe basis- og fleirbrukshallen på budsjettet for 2021.

Sogndal idrettslag sitt styre, med leiar Tonje Norheim Tangerud i spissen, set no si lit til at politikarane står ved sine vedtak og tidligare prioriteringar.

Du kan hjelpe politikarane med å hugse kvifor dei har prioritert basis- og fleirbrukshall på si 10 på topp liste.

Gå inn og like, dele og skrive nokre ord på SIL Facebook side :-)

https://www.facebook.com/Sogndal-Idrettslag-187724811273977

https://www.sognavis.no/radmannen-vil-droppa-fleirbrukshallen-men-tonje-forventar-at-politikarane-ordnar-opp/s/5-115-488151?fbclid=IwAR2vaL2T50gZchczTZ_pxGp7IV57WOO8S9RAcijiafpcZuJFfT7goPNsZCU

Stao no pao!

Tonje Norheim Tangerud

Leiar - Sogndal idrettslag

Tonje Norheim Tangerud_Ny leiar_Sogndal idrettslag_300920.jpeg

Barneidrett for 5- og 6-åringer starter opp tirsdag 29. september

Barneidretten for 5- og 6-åringer kull 2014 og 2015 starter opp tirsdag 29. september kl 17:30-18:15 i gymsalen på Trudvang.

Vi forholder oss til veileder for smittevern for idrett. For å ikke bli for mange personer inne i gymsalen ber vi foreldre vente i gangen utenfor gymsalen.

Aktivitetsplan for høsten kommer etterhvert.

Se fortløpende info på Facebook: https://www.facebook.com/groups/578284709256407

Aktivitetsleiarkurs - Idrett for barn og unge - Sogndal 25.-26. september 2020

Fredag 25. og laurdag 26. september inviterer Vestland Idrettskrets og Sogndal Idrettslag til aktivitetsleiarkurs barneidrett i Sogndal. Målgruppa for kurset er instruktørar for barn og unge i alderen 5-12 år. Både nye og dei som ønsker fagleg påfyll/inspirasjon. Her ligg all informasjon om kurset inkl lenke til påmelding: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/kalender/aktivitetsleiarkurs-barneidrett-sogndal/

Sogndal Idrettslag dekker deltakaravgift for de som er/ vil bli trenar for barneidretten/basistreningen i SIL. Ta kontakt med Ellen Eimhellen Blom ved spørsmål: ellen.blom@hvl.no/ 911 25943

Utsett oppstart av turntrening hausten 2020

Grunna situasjonen kring korona har turngruppa i SIL avgjort at me vil venta med å starta opp treningane hausten 2020.

Kulla på turn er store, og me har avgrensa moglegheit til å køyre trening for mindre grupper, og å vaska utstyret tilstrekkeleg både under og mellom øktene. Turntreningane føreset òg ein del kontakt mellom trenarar og turnarar. Fleire av trenarane våre har samfunnskritiske jobbar, eller må av andre grunnar vernast mot smitte. På bakgrunn av dette er det difor tryggast at me avventar oppstart.

Me veit det er mange, både nye og gamle turnarar, som hadde gledd seg til å koma på trening att. Me gler oss òg til å kunne starta, og kryssar fingrane for ein trygg, smittefri haust. Turnstyret og trenargruppa vurderer situasjonen undervegs, og startar opp att så snart turntreningane kan bli ein trygg og kjekk stad for både turnarar og trenarar! Oppstart vil bli annonsert både på nettsidene til idrettslaget, på Facebook-sidene til turngruppa og på e-post til medlemmene våre.

TurOrientering er starta opp i Sogndal og Kaupanger!

TurOrientering - idrett for alle!

Sogndal orienteringsgruppe har no lagt ut fleire TurOrienteringsløyper i Sogndal og Kaupanger. Løypene vert liggjande ute frå 27.april til 4.oktober 2020. Gå, spring eller trill - det er løyper for alle!

Les meir her, om kor løypene ligg og korleis du får tak i kart!

Kva er TurOrientering?

  • På TurOrientering får du gode naturopplevingar med fysisk aktivitet og hjernetrim, noko som gir godt humør, god helse og mykje glede!

  • TurOrientering er turar med fleire mål undervegs. Kvart mål er ein post, eller for barna kanskje ein "skatt"?

  • TurOrientering har fire nivå: grønt, blått, rødt og sort. Les meir her. Alle kan delta!

  • TurOrientering gir deg moglegheit til å lære og øve på å bruke kart og kompass.

  • TurOrientering gjer deg kjend i nærmiljøet og kan vise deg ukjende naturperler.

  • TurOrientering er eit tilbod som er tilgjengeleg heile døgnet heile sesongen - du vel sjølv når du vil på tur, kvar du vil starte og kor lang turen skal vere. Du kan gå saman med venner (maks 5 personer iht korona-regler) og familie eller på eiga hand.

Årsmøte i Sogndal Klatreklubb SIL

Onsdag 26. februar 2020 var det årsmøte i Sogndal klatreklubb SIL

Saksliste

Årsmelding

Referat


Nytt styre er valgt:

Leiar: Jenny Farsund Storvik
Nestleiar: Idunn Litleré
Barne-og ungdomsklatringansvarleg: Andreas Michael Franck
Utstyrs- og sikkerhet + Medie- og kommunikasjonsansvarlig: Kristoffer Günther Hansen
Ungdomsrepresentant: Ronja Gesch
Satsningsutviklings-koordinator: David Postelt og Simen Nesje Enger
Økonomiansvarleg: Howard Summers

En stor takk til vårt avtroppende styremedlemar: Robin, Christiane, Vidar, Ingri, Mie og Gustav.


21.-22. november 2020 blir det NM i speed, led og para klatring i Sogndal

Sogndal Klatreklubb SIL gleder seg!

Målet er å gjennomføre eit stort og flott arrangemenet for utøvarar, trenarar, frivillige, publikum og bygda vår.

Vi forventar over 100 utøvarara fordelt på fire juniorklassar og to seniorklassar.
Erfaringsvis er det mellom 12-25 klubbar frå heile Noreg som vert representerte.

56635109_2462761437068683_3439122142317248512_o.jpg

I 2018 hadde vi 19 lokale utøvarar frå SKK SIL som fikk den store opplevinga av å delta i NM på «heimebane»




Årsmøte i symjegruppa torsdag 5. mars


Styret kallar med dette inn til årsmøte i symjegruppa til Sogndal idrettslag.

Årsmøtet finn stad torsdag 5. mars kl 18:15 i møterommet Njuken ved SEFAL, lokalisert i 3 etg på Campus Sogndal. (Er du usikker på kvar møterommet er møter du opp ved resepsjonen til Idrettsenteret så går me i fellesskap dit).

Saker eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet må bli sendt til styret seinast 24. februar på mail til; silsymjegruppe@outlook.com.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på facebook og nettsida til symjegruppa.

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av symjegruppa i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.

Velkommen til årsmøte!

SAKSLISTE

1.       Godkjenn møteinnkalling og saksliste

2.       Val av møteleiar, referent og representantar til å skrive under protokollen

3.       Godkjenning av årsmelding

4.       Godkjenning av rekneskap

5.       Vedta budsjett for 2020

6. Val av styremedlemmar

Meldt deg på symjekurs? Oppstart 3.februar

Me startar opp att med symjekurs mandag 3. februar. Kursa våre går over ti ganger.
Ynskjer du å delta - meld deg på til; silsymjegruppe@outlook.com

6-7 år Vanntilvenning
Mandag kl 18-18:30

Foreldra er med i bassenget

8-9 år Symjekurs
Mandag kl 18:30-19:00

Barnet må kunne stå sjølvstendig i bassenget

Det er glidande overgang frå å vere trygg i vatnet til å bli symjedyktig. Me legg vekt på å tilby kurs som treff det nivået barnet er på. Difor vil aldersnivået på kurset kun vere rettleiande. Me stiller med to instruktørar på kvart kurs og det er avgrensa tal plassar.