Trenings- og graderingshelg 11.–12. januar

Kjære taekwondoutøvarar

Me ser no fram til ei kjekk trenings-og graderingshelg, den 11. og 12 januar, med masterane Morten, Trond og Lasse.

Om du skal vere med, og enno ikkje har meldt deg på, er det fint om du gjer det snarast råd på:
https://www.deltager.no/trening-og-gradering-januar-2020/

Program:

Laurdag 11. januar i Campushallen kl. 10–16:
Trening og gjennomgang av pensum
10:00–10:30  Velkomst, info og oppvarming
10:30–12:00  Fellestrening
12:00–12:30  Lunsj
12:30–14:30  Fellestrening
15:00–16:00  Dan og 1. cup–trening 

Søndag 12. januar i Campushallen kl. 10–15:
10:00–10:30  Oppvarming
10:30–12:30  Gradering
12:30–13:00  Lunsj
13:00–  Gjennomgang av nytt pensum

(med atterhald om justering av tider)

Sosialt program laurdag kveld

Me har lagt opp til ei sosial samling med pizza på Kvåle skule, laurdag kl. 19:00. (kr 100,-)
Påmelding er nødvendig for alle. Born må ha med seg foreldre!

Lunsj

Alle tek med seg eigen lunsj både laurdag og søndag.
Me stiller med gratis frukt.

Kaker til graderinga på søndag

Dersom alle tek med seg resten av julekakene slepp me å bake nye kaker : )  
Ta med kakeboksen og få tømt den innan 20. dag jul her!


Venleg helsing 
styret i Taekwondogruppa