Årsmøte i turngruppa

Styret i Sogndal idrettslag turn kallar med dette inn til årsmøte i Sogndal turn.  Årsmøtet blir avholdt torsdag 6. mars kl. 19:00 i Flo stova på Campus Sogndal.

Saker som eit medlem ynskjer behandla på årsmøtet må sendast til styret seinast 27. februar til inakw@hotmail.com.  

 Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet på idrettslaget si nettside.  

 For å ha stemmerett og kunne velgjast til verv må ein ha vore medlem av Sogndal idrettslag i minst ein måned, fylle minst 15 år i det kalendaråret årsmøtet vert halde, og ha gjort opp sine økonomiske forpliktelsar til Sogndal idrettslag. Alle medlemmar har uansett møterett, talerett og forslagsrett. 

 Årsmøtet legg grunnlaget for klubbens verksemd og styrets arbeid. Alle som ynskjer å vere med på å bestemme kva klubben skal gjere, og korleis den skal drivast, bør delta på årsmøtet. 

 For meir informasjon om årsmøte, samt reglar om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå Sogndal idrettslag sine vedtekter på heimesida. Ved spørsmål som gjeld årsmøtet, kontakt Sogndal idrettslag turngruppen, på mailadresse: inakw@hotmail.com

 Velkommen til årsmøte! 
Med venleg helsing 
styret