Påmelding turnstemne i Øvre Årdal 16. - 17. april

Jotun IL Turngruppa inviterer til turnstemne laurdag 16. og søndag 17. april. Turnarar frå heile fylket vil delta. Det vert defilering (opptog) laurdag og oppvisningar begge dagar. Laurdag kveld er det festmiddag. Avreise frå Sogndal med buss laurdag morgon og retur søndag ettermiddag. Tidspunkt, detaljert program og praktisk informasjon kjem seinare.

Kostnad: Prisen er kr 700,- pr. turnar og kr 500,- for foreldre som blir med.

Overnatting: Det vert overnatting på skule og vi vil trenge nokre foreldre til å vera med som leiarar  (spesielt for 4. og 5. klasse).

Påmeldingsfrist og betaling

Skjemaet skal leverast i utfylt stand på e-post til:  eli-l-i@online.no (Elisabeth Lund-Iversen). Frist: 25. februar.

Betaling til konto 3720.15.61842 innan 25.februar. Merk med namn på turnar og evt. vaksen.

Påmeldinga er bindande. Det betyr at om nokon vert hindra frå å delta, vil dei ikkje få att det innbetalte beløpet.

Treningsavgift til turngruppa og medlemsavgift i SIL må vere betalt for å få vere med på turnstemnet.

Velkommen til ei kjekk turnhelg i Øvre Årdal!

 Invitasjon til turnstemne

Påmeldingsskjema