Æresmedlemskap 2016

Æresmedlemskapa i år gjekk til to personar som over mange år har lagt ned eit uvurderlig arbeid som tillitsvalde, frivillige og eldsjeler i SiL og i Sogn og Fjordane. 

Post mortem fekk Torolf Norheim sitt æresmedlemskap i SiL for sitt arbeid som  tillitsvald og eldsjel.

Torolf hadde mange verv og eit stort engasjement for idretten. Han var leiar av SiL og alpingruppa i SiL ein årrekkje. Han var leiar av Sogn og Fjordane idrettskrins og leiar for alpinkomiteen i Sogn og Fjordane, og han var ein periode medlem av NiF sitt anleggsutval og banestyret i SiL. Torolf var mellom dei viktige eldsjelene som forsto kva Hodlekve kunne utviklast til å bli, og gjennom sitt personlege engasjement vart det m.a. bygd veg og parkeringsplass i Hodlekve. I tillegg tok han initiativ til og var ein pådrivar og organisator i arbeidet med SiL-hytta i Hodlekve. I dag ser vi kor viktig det var.

Då SiL og Sogndal fekk i oppgåve å arrangere NM for junior i alpine greiner i 1980 vart han leiar for hovudkomiteen. Og utover 90-talet var han leiar og hovudansvarleg for renn-avvikling i Hodlekve. Det er ingen tvil om at idretten betydde mykje for Torolf, og spesielt alpint. Dette engasjementet vart ikkje mindre då dottera Tonje begynte å hevde seg lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Torolf Norheim var ikkje ein av dei som sto i fremste rekke og talte med store ord. Han var den som hadde gjennomføringskrafta, den som løyste usemjer, var løysningsorientert, og han var ikkje redd for å ta på seg ansvar og tunge verv. For dei som tok over verv etter han vart han ein viktig støtte og mentor, han delte sin kunnskap og kompetanse. Då han døydde så altfor tidleg 14. august 2011 mista hans næraste familien ein engasjert ektemann, far og bestefar. Sogn og Fjordane, Sogndal og SiL mista ein person som hadde eit stor hjerte og unikt engasjement for idretten. Vi takkar han for dette i dag ved å gje han æresmedlemskap post mortem.

Dotter hans Tonje Norheim Tangerud tok på vegne av familien imot æresmedlemskapet.

Kjell Karstein Kvåle fekk æresmedlemskap i SIL for sitt arbeid som tillitsvald og eldsjel.

Kjell har gjennom ein mannsalder jobba for idretten i Sogndal , gjennom utallige tillitsverv og medlemskap i ulike nemnder. Han har vore leiar for SiL i to periodar og han var med i handballstyret. Kjell har ikkje vore redd for å ta på seg store oppgåver. Han var leiar for Nordvestgaloppen 2010, eit internasjonalt arrangement med 1100 deltakarar. Han leia arrangementsgruppa som jobba med saka i 2 år .

Kjell var sentral ved utbygginga av  SIL-hytta. Her hadde han m.a. heile leiinga på tilbygg og opprusting. Kjell har også vore vakt på fotballkampane til A-laget i ein (liten) mannsalder, og i ein periode var han sikkerheitsansvarleg. Han  var også krumtappen då den nye P-plassen i Gunvordalen vart etablert, det same med busslommene langs Fjærlandsvegen der skifolka kan stå og vente på ”pudder ekspressen”.

Kjell leitar etter løysingar – ikkje problema. Og han gjer noko med det. Samtidig er han flink til å få folk til å jobbe saman, og han set ambisjonsnivået slik at «alle», kan delta. Og er det gjort ein feil ein gang, så tek han det med fatning, og seier at : «støypt er støypt»… Humør og vennlegheit er hans kjennemerkje.  Ikkje uventa sat han å jobba for fellesskapet og idretten den kvelden eg kom for å meddele han nyheita om at han skulle få æresmedlemskap. Tusen takk for ditt engasjement og innsats for SiL og Sogndal!