Barneidretten hadde onsdag denne veka oppstart for dei minste i Campus-salen klokka 17-18. Instruktør for denne gruppa er Anne Liseth og Ellen Blom. Det er mulig at vi seinare vil flytte denne timen til gymsalen på Trudvang.
Tysdag 14. september klokka 17.30 - 18.30 vil det bli oppstart av barneidrett for 5 og 6-åringar i gymsalen på Trudvang. Trenar for denne gruppa er Kristine Hus og Elin Mork, og fokus vil vere leik og turnaktivitet. Kristine har erfaring frå Asker turnforening og Elin har i fleire år vore trenar i Kristiansund og Trondheim. Dei gleder seg til å komme igang, og vi ønskjer vel møtt til trening.
Vi gjer merksam på at de skal nytte inngangen frå skuleplassen - ned trappa til kjellaren og inn til gymsalen via garderobane, Det er fint om de parkerar litt unna - vi vil ikkje ha mange bilar inn på plassen til skulen.