20 tøffe barn og ungdommar på o-trolleir i Hodlekve 11.-12.9

Tjue 8-17 åringar frå Sogndal, Kaupanger, Hafslo og Fjærland fekk oppleve at det er mykje moro å finne på i Hodlekve også om hausten! Området ved langrennsløypene var arena for o-løype i dagslys fredag kveld. Dei fleste erfarte også at slalombakken og området rundt SIL-hytta ser heilt annleis ut med hovudlykt i mørket. Mange overnatta i SIL-hytta, nokre for første gang på leir, andre med lang erfaring både med speidarleir og andre turar.

Laurdag morgon var alle 20 klare for lagkamp med i alt 5 øvingar der innsats frå kvar deltakar var viktig for laget. 6 ungdommar gjorde ein god jobb som lagleiarar med både opplæring, fordeling av oppgåver og motivering av laget, og alle gav maksimalt slik at laget skulle få poeng! Postplukk-oppgåve med 22 postar med ulik vanskegrad og avstand til mål skulle fordelast og godkjennast på 30 minutt, stemplingsløype på tid, karttegn- og karthugsstafett og ikkje minst myrfotball til slutt avgjorde lagkampen. Fleire var skeptiske til fotball i myr og ville ikkje bli våte. Alle vart etterkvart med og myra vart gradvis litt djupare. Det vart få mål, men mykje latter og høgt aktivitetsnivå både på og utanfor «bana». Smilande, slitne, våte og nøgde barn og ungdommar drog heim med ny kunnskap, nye venner, gode minner og eit ønske om leir neste år også!