Helga 15. - 16. november 2014 var dei eldste i turngruppa på treningssamling og KM i Stryn.
Denne supre gjengen har vore på treningssamling i Stryn.
Det var ei lærerik og inspirerande helg der dei traff turnarar frå fleire lag i fylket. Sosialt og kjekt blir det også når ungdommar frå 7. klasse til 20 år møtast.
Denne glade gjengen deltok også i kretsmesterskap i troppsgymnastikk - og gjennomførte med stil ! SIL stilte med eitt mix-lag og eitt jente-lag. Begge laga konkurrerte både i trampett og tumbling.
Tusen takk til trenarane Marie Dyb og Kristina Nordaune som losa turnarane trygt gjennom konkurransen.