Trening- og graderingshelg for Taekwondo

Trening- og graderingshelg for Taekwondo

Berre ei veke til trening- og graderingshelg og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum og våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi og Runar Langeteig + konkurranseteamet vårt!

Rydd helga og meld deg på! https://www.letsreg.com/no/event/sil_tkd_trening-_og_graderingshelg_januar_2024

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

NM-medaljar til SIL-taekwondo

NM-medaljar til SIL-taekwondo

Fantastisk utteljing på NM! Gull, sølv og bronse til utøvarane våre. Måndag feira me med kake på trening!

Embla, Ida, Emilie og Elin, saman med trenar og coach Runar har den siste tida trent og konkurrert i stilarten pomsae. Dei har henta heim mykje medaljar nasjonalt og kan også vise til fleire gode preasjonar i internasjonale arrangement. På NM på Sandane hamne alle utøvarane våre på pallen, og klubben har no fått sin fyrste noregsmeister.

Uro og bekymring i idrettsleiren – blir det basis- og fleirbrukshall i idrettsbygda?

Sidan 2011 har det blitt jobba for å realisere ny basis- og fleirbrukshall. Det har vore ein lang prosess, men med jamn framdrift og fleire vedtak i kommunestyrer om bygging. Til stor glede 😊  

No er me uroa og bekymra for framdrifta......kva skjer?  

I notat til finansutvalet 16.11.23 vert det tilrådd å fjerne basis- og fleirbrukshall frå skuleprosjektet.  Dette grunna plassmangel på Trudvang tomta og ønske om innsparing på kommunen sitt budsjett.

Kommunedirektøren skriv: 

“Eit gymareal på skulen må rette seg etter krava til idretten for å kunne løyse ut spelemidlar. Ein volleyballbane/liten idrettshall på 384 kvm vil gjere det. Arealet må kunne delast i to med skiljevegg slik at to klassar kan vere der samstundes … Om ein vel ei slik løysing for å redusere kostnadane ved prosjektet vil kommunedirektøren gjere merksam på at dette med stort sannsyn betyr at det ikkje kan byggast ny basis- og fleirbrukshall på lang tid. På Trudvangtomta vil det vere svært vanskeleg å bygge dette etter ferdigstilling av utbyggingsprosjektet. Det vil medføre stor innverknad på skuledrifta og det vil vere krevjande å handtere tryggleiken i byggefasen. Ei eventuell bygging anna stad i Sogndal, t.d. på Kvåle, vil medføre ekstra riggkostnad slik at det ikkje vil vere mogleg å bygge tilsvarande det som vert innsparinga ved å ta hallen ut av prosjektet med ny skule på Trudvang.” 
(les hele saksfremlegget her s6-8)

Behovet for basis- og fleirbrukshall er stort. Det har blitt grundig dokumentert tre gonger sidan første kartlegging i 2013. Da var medlemstalet 900, og ved siste behovskartlegging var vi 1350. I 2023 er vi 1656 medlemmer per 17.11.2023!
Og, samstundes som folketalet og behovet er veksande, er innandørs idrettsareal i Sogndal vorten mindre enn det var i 2013.  

Det er i dag mykje fokus på helse, både fysisk og psykisk, og det er no viktigare med breddeaktivitetar som gir eit variert tilbod til innbyggjarane uavhengig av alder og inntekt. Difor er det så viktig med nok sunne og inkluderande arenaer der ein møtes på tvers av interesser, kultur og nivå. Fleire treningsflater genererer meir aktivitet.  

Meir aktivitet gjer at ein får fleire tilbod og større sjanse for at alle finn noko ein trives med. Og ikkje minst at alle dei frivillige som brukar store deler av fritida si treng gode rammevilkår og forutsigbarheit. 

Det er i dag langt fleire innbyggjarar i Sogndal enn i 2013 og idrettslaget har langt fleire medlemmar enn i 2013. Vi har i dag 18 ulike grupper der fleire av gruppene har venteliste på grunn av hallkapasitet og mangel på frivillige.  

No må politikarane på bana!
Dei som har lova oss hallane og bedt oss gå gjennom dei rette kanalane. Vi har kartlagt komt med innspel og vore samarbeidsvillige heile vegen. Me har gjort alt de har bedt om og de har lovd oss på tru og ære. Kan vi tru på programparti og politiske lovnader? 

Idretten har eit ansvar for folkehelse frå vugge til grav.
Kven skal vi prioritere?
Er det dei som skrik høgast?
Eller dei som betalar mest?

Resultat treningsløp Hodlekve

Her er resultata frå treningsløpet 13. september i Hodlekve. Det var 11 deltakarar som sprang gjennom løypene frå KM Lang i helga, i flott haustvêr.

Løypa blir hengande ute ei veke som Vekas løype og neste treningsløp er 20. september på Kleppa på Leikanger. For å få tilsendt karta i Vekas løype, send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com.

Nybyrjar (løype 8)

Oskar Osdalen fullført
Nina Osdalen fullført

Lett øvd (løype 6)

Eirik Binningsbø 1:08:22
Jørgen Binningsbø 1:08:22
Ragnhild Dyrstad deltatt
Christine Klemetsen deltatt

Vidarekomen (løype 5)

Kristin Bakke 1:17:02
Torbjørn Stokke 1:23:08
John Ingulf Medvø deltatt
Marina Eriksson deltatt

Ekspert 4,8 km (løype 3)

Jakob Kalvig Skogan 46:15

Resultat treningsløp Moane

Her er resultata frå treningsløpet på Moane 7. september. 16 stk. deltok og det er spesielt gledeleg å sjå så mange lokale ungar frå Hafslo i Nybyrjarløypa!

Nybyrjar

Hedda Hansen Nybø Hafslo IL fullført
Kristoffer Melheim Hafslo IL fullført
Oline Nondal Hafslo IL fullført
Johannes Nondal Hafslo IL fullført
Klara Street Sogndal IL fullført
Oliver Street Sogndal IL fullført
Lavrans Hestad Hafslo IL fullført
Iver-Anton Hestad Hafslo IL fullført
Andrea Ølnes Hafslo IL fullført
Selda Ullebø Friksen Hafslo IL fullført
Jørgen Styrk Hagelin Moe Hafslo IL fullført

Vidarekomen
Astrid Melheim Hafslo IL 21:55

Mosjon
Jon Ingulf Medbø 1:31:06

Ekspert
Jorunn Albretsen Sogndal IL startet
Karl Helge Helbrigtsen Sogndal IL startet

Ekspert, korridorløype
Olav Hagelin Moe Hafslo IL 1:27:27

KICKOFF 2023

KICKOFF 2023

Berre ei veke til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi, Kristin Ylvisåker og Runar Langeteig + konkurranse-teamet vårt!

Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2023

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

Oppstart barneidrett og allidrett hausten 2023

Barneidrett og allidrett startar opp med treningar på Trudvang i veke 36

Barneidrett og allidrett er eit allsidig aktivitetstilbud for alle barn. Her får dei prøve ut ulike aktivitetar og idrettar med fokus på mestring og aktivitetsglede.

Barneidrett 0-4 år startar opp onsdag 6. september kl. 17.00-18.00 i gymsalen på Trudvang.

Barneidrett 5 år (førskule / siste år i barnehage) startar opp tysdag 5. september kl 17.00-17.45 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon:

Allidrett 1.-2. klasse startar opp tysdag 5. september kl 18.00-18.45 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon.

Allidrett 2.-5. klasse startar opp onsdag 6. september kl. 18.00-19.00 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon.

Kontaktperson: Ellen Eimhjellen Blom; tlf: 911 25943

Ein kan møte opp på treningane utover hausten og prøve barneidrett og allidrett utan å måtte melde seg på nokon stad på forhånd. Dersom barnet ditt ynskjer å fortsette kan de finne informasjon om innmelding i Sogndal Idrettslag her: Treningstider/treningsavgift. Innmelding i Sogndal Idrettslag gjer forsikring på treningane.

Ta kontakt med Aktivitetsguidane om du ynskjer hjelp til å finne fram, melde barnet inn i Sogndal Idrettslag, eller veit om nokon andre som treng hjelp.

Resultat frå treningsløp på Arnfinnsstølen

Det var ti deltagarar på første treningsløp for hausten, på Arnfinnsstølen på Kaupanger.

Postane heng ute den kommande veka fram til 22. august. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com for å få tilsendt kart.

Resultat Arnfinnsstølen

Nybyrjar

Trygve Clarin Lunde 19:31

Lett øvd

Trygve Clarin Lunde 29:41

Vidarekomen

1 Ingvild Lien Molland 49:03

2 Eirik Binningsbø 1:33:30

2 Jørgen Binningsbø 1:33:30

Ekspert kort

1 Karin Street 41:16

2 Jorunn Aa Albretsen 56:29

Ragnhild Myhre fullført

Anna-Karin Clarin (fire siste postane)

Ekspert lang

1 Karl Helge Albretsen 1:04:30

Stig Ronny Kragseth deltatt

Sommar-o-løyper i Mollandsmarki

I sommar kan du springe orientering i Mollandsmarki på Hafslo, der postane frå dei to siste treningsløpa før ferien heng ute fram til midten av august. Det er løyper for alle nivå og aldrar, frå nybyrjar til ekspert. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com for å få tilsendt kart.

Vi set pris på om dei som nyttar tilbodet og som ikkje betaler treningsavgift til o-gruppa betaler ei eingongsavgift for løypene. Infomasjon om betaling får du i e-posten.

God tur!

Helsing o-gruppa i Sogndal IL

Resultat frå treningsløpa i Mollandsmarki

Resultat frå treningane dei to siste vekene i Mollandsmarki finn du under.

Postane frå begge løpa heng ute heile sommaren fram til midten av august. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com for å få tilsendt kart.

Trening 07.06.2023

Nybyrjar

Hedda Hansen Nybø

Jens Melheim

Kristoffer Melheim

Casper Frøyd

Klara Street

Oliver Street

Lavrans Hestad

Iver Anton Hestad

Lett øvd

Eirik Binningsbø 46:20

Jørgen Binningsbø 46:20

Astrid Melheim 36:31

Ellen Melheim 37:16

Mosjon

1 Alistair Street 41:12

2 Julien Vollereng 51:26

Ekspert kort

1 Torbjørn Stokke 1:32:20

Ekspert lang

1 Jakob Kalvig Skogan 58:29

2 Maria Erikson 1:25:17

Trening 14.06.2023

Nybyrjar

Jørgen Styrk Hagelin Moe

Olav Hagelin Moe

Oliver Street

Lett Øvd

Jakob Lapp

Sigrid Aalbu

Eirik Aalbu

Mosjon

Jon Ingulf Medbø

Ekspert kort

Jan Helge Aalbu (korridor)

Ekspert lang

Hendrik Lapp

Ina Charlotte Moe (korridor)

Resultat frå treningsløp på Kaupangerholten

Resultata frå treningsløpet på onsdag 31. mai finn du under. Det var totalt 22 deltakarar i flott vêr og gode løyper mellom Storamyri og Kaupangerholten. Du kan laste opp og sjå andre sitt GPS-spor på Livelox her: Livelox - Arrangement: Treningsløp Kaupangerholten

Vi arrangerer årets andre familiesøndag til helga. Da kan ungar og vaksne komme og springe gjennom løypene, vere med på morosame aktivitetar og spise lunsj. Sjå meir på sida “Terminliste for orientering”.

Postane står ute som Vekas løype fram til tysdag. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com for å få tilsendt kart.

Resultat treningsløp Kaupangerholten 31. mai 2023

Nybegynnar
Jostein Sanderud
Oskar
Solveig

Lett øvd
1. Ingvild Andersen 19:38
2. Terje Brunberg 23:17
3. Anna Helena Almelid 23:48
4. Harald Moe 27:50
5. Richard Nesheim 27:50
6. Karoline Sterri Lunde 32:37
Eirik S. Bindingsbø OK
Magnhild Sægrov OK
Andrea Fardal 19:16 (disk, mangla 1. post)

Vidarekomen
1. Jon Ingulf Medbø 1:42:00

Ekspert kort
1. Ragnhild Dyrstad 40:50
2. Marina Erikson 45:50
3. Jorun Fjermestad 58:24
4. Torbjørn Stokke 1:01:00

Ekspert lang
1. Jakob Kalvig Skogan 51:42
2. Sondre Lomsdal 52:15
3. Tore Frimandslund 58:06
4. Stig Ronny Kragseth 1:01:20
5. Sverre Aasen 1:17:00

Resultat treningsløp Storamyri 24.05

Det var 24 deltakarar som koste seg i skogen på Storamyri onsdag. Resultata kan du sjå under.

Detaljerte resultatlister med strekktider og Livelox (GPS-spor) finn du på Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=18426&eventRaceId=19117

Nybegynnar
Halvor Johannes Dannevig
Kine Elise Hofsvik
Sigurd Dannevig Hynne
Oskar Sanderud Osdalen
Solveig Osdalen
Solveig Sanderud Osdalen

Lett øvd
Edvards Garselis
Ina Lill Skaar Birkeland
Ingvild Lien Molland
Malene Lien Molland
Jorunn-Elisabeth Stavø
Oline Stavø Tjøstolvsen
Wilma Stavø Tjøstolvsen

Vidarekommen
1) Kristin Bakke, 40:55
2) Eirik Sægrov Binningbø, 2:09:48
3) Magnhild Sægrov, 2:09:50

Ekspert kort
1) Marina Eriksson, 48:38
2) Jørgen Binningsbø, 51:53
3) Silje Aaberge Aalbu, 59:07
4) Torbjørn Stokke, 1:12:30;

Ekspert lang
1) Asgeir Jensen, 45:13
2) Jakob Kalvig Skogan, 54:17
3) Aslak Os, 1:05:09
4) Tore Frimanslund, 1:06:02