TurOrientering er starta opp i Sogndal og Kaupanger!

TurOrientering - idrett for alle!

Sogndal orienteringsgruppe har no lagt ut fleire TurOrienteringsløyper i Sogndal og Kaupanger. Løypene vert liggjande ute frå 27.april til 4.oktober 2020. Gå, spring eller trill - det er løyper for alle!

Les meir her, om kor løypene ligg og korleis du får tak i kart!

Kva er TurOrientering?

  • På TurOrientering får du gode naturopplevingar med fysisk aktivitet og hjernetrim, noko som gir godt humør, god helse og mykje glede!

  • TurOrientering er turar med fleire mål undervegs. Kvart mål er ein post, eller for barna kanskje ein "skatt"?

  • TurOrientering har fire nivå: grønt, blått, rødt og sort. Les meir her. Alle kan delta!

  • TurOrientering gir deg moglegheit til å lære og øve på å bruke kart og kompass.

  • TurOrientering gjer deg kjend i nærmiljøet og kan vise deg ukjende naturperler.

  • TurOrientering er eit tilbod som er tilgjengeleg heile døgnet heile sesongen - du vel sjølv når du vil på tur, kvar du vil starte og kor lang turen skal vere. Du kan gå saman med venner (maks 5 personer iht korona-regler) og familie eller på eiga hand.

Årsmøte i Sogndal Klatreklubb SIL

Onsdag 26. februar 2020 var det årsmøte i Sogndal klatreklubb SIL

Saksliste

Årsmelding

Referat


Nytt styre er valgt:

Leiar: Jenny Farsund Storvik
Nestleiar: Idunn Litleré
Barne-og ungdomsklatringansvarleg: Andreas Michael Franck
Utstyrs- og sikkerhet + Medie- og kommunikasjonsansvarlig: Kristoffer Günther Hansen
Ungdomsrepresentant: Ronja Gesch
Satsningsutviklings-koordinator: David Postelt og Simen Nesje Enger
Økonomiansvarleg: Howard Summers

En stor takk til vårt avtroppende styremedlemar: Robin, Christiane, Vidar, Ingri, Mie og Gustav.


21.-22. november 2020 blir det NM i speed, led og para klatring i Sogndal

Sogndal Klatreklubb SIL gleder seg!

Målet er å gjennomføre eit stort og flott arrangemenet for utøvarar, trenarar, frivillige, publikum og bygda vår.

Vi forventar over 100 utøvarara fordelt på fire juniorklassar og to seniorklassar.
Erfaringsvis er det mellom 12-25 klubbar frå heile Noreg som vert representerte.

56635109_2462761437068683_3439122142317248512_o.jpg

I 2018 hadde vi 19 lokale utøvarar frå SKK SIL som fikk den store opplevinga av å delta i NM på «heimebane»




Årsmøte i symjegruppa torsdag 5. mars


Styret kallar med dette inn til årsmøte i symjegruppa til Sogndal idrettslag.

Årsmøtet finn stad torsdag 5. mars kl 18:15 i møterommet Njuken ved SEFAL, lokalisert i 3 etg på Campus Sogndal. (Er du usikker på kvar møterommet er møter du opp ved resepsjonen til Idrettsenteret så går me i fellesskap dit).

Saker eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet må bli sendt til styret seinast 24. februar på mail til; silsymjegruppe@outlook.com.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på facebook og nettsida til symjegruppa.

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av symjegruppa i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.

Velkommen til årsmøte!

SAKSLISTE

1.       Godkjenn møteinnkalling og saksliste

2.       Val av møteleiar, referent og representantar til å skrive under protokollen

3.       Godkjenning av årsmelding

4.       Godkjenning av rekneskap

5.       Vedta budsjett for 2020

6. Val av styremedlemmar

Meldt deg på symjekurs? Oppstart 3.februar

Me startar opp att med symjekurs mandag 3. februar. Kursa våre går over ti ganger.
Ynskjer du å delta - meld deg på til; silsymjegruppe@outlook.com

6-7 år Vanntilvenning
Mandag kl 18-18:30

Foreldra er med i bassenget

8-9 år Symjekurs
Mandag kl 18:30-19:00

Barnet må kunne stå sjølvstendig i bassenget

Det er glidande overgang frå å vere trygg i vatnet til å bli symjedyktig. Me legg vekt på å tilby kurs som treff det nivået barnet er på. Difor vil aldersnivået på kurset kun vere rettleiande. Me stiller med to instruktørar på kvart kurs og det er avgrensa tal plassar.

Sogndal klatreklubb SIL søker ein ny person med ansvar for barne- og ungdomsklatring

Stillingsutlysning - Vi søker ein ny person med ansvar for barne- og ungdomsklatring i Sogndal klatreklubb SIL. Er det deg?

Du får ansvar for å drifte og utvikle Sogndal Klatreklubb SIL sitt tilbod for barn og ungdom. Vårt mål er at vi gjennom kompetente trenarar og instruktører skal gi barn og ungdom gode opplevingar med klatring med fokus på klatreglede, meistring og sosial leik. Vi ønsker også å ha eit tilbod til dei som er ivrige og vil trene for å bli ekstra gode til å klatre.
Jobben er frivillig, og vert gjennomført i samarbeid med styret i SKK SIL og Sogndal Klatresenter. Per i dag er det om lag 50 barn og ungdommar som deltek på tilbodet, med 10 faste instruktørar og vikarar. 

Oppgåver:

- foreldrekontakt
- påmelding og koordinering av gruppene
- oppfølging og leiing av instruktørar

Du får:

- erfaring frå styrearbeid i ein frivillig organisasjon
- leiarerfaring
- gleda ved å skape eit godt klatretilbod for barn og ungdom

Er du interessert, ta kontakt med:
Styreleiar: Jenny Farsund Storvik
E-post: sogndal.klatreklubb@gmail.com

Ansvarleg for barne- og ungdomsklatring: Ingri Aftret Løseth
E-post: skk.barneogungdomsklatring@gmail.com

Info om Barneidrett 5-6 år og 7 år vinteren 2020

Her er treningstilboda for barneidrett 5-6 år og 7 år vinteren 2020

5-6 årsgruppa (kull 2014 og 2013)

Vi startar opp med skileik i Hodlekve i veke 2. Oppmøte ved tidtakarbui i Hodlekve tysdagar kl 17:30. Ta med ski og varme kle. Det blir skileik fram til langrennsgruppa startar opp med Skicup på tysdagar. Da følgjer vi opplegget til langrennsgruppa. Sjå meir info om oppstart og påmelding på langrenn sine nettsider: https://www.sogndalidrettslag.no/aktuelt-langrenn

Ellers finn de info på Facebooksida “Barneidrett Sogndal Idrettslag 5 og 6 år” https://www.facebook.com/groups/578284709256407/

For dei som ikkje har høve til å vere med på ski kan ein delta på barneidrett inne:

5 åringane (2014-kullet) kan følgje 0-4 års gruppa inne på Trudvang onsdagar kl 17:00-18:00. Meld dykk inn på Facebook-gruppa som heter “Barneidrett 0-4 år 2019/2020” for meir informasjon, m.a. om tid for oppstart etter nyttår: https://www.facebook.com/groups/699626026781512/

6-åringane (2013-kullet) kan følgje 7-årsgruppa inne i gymsalen på Trudvang tysdagar kl 16:30-17:30. Då kan de melde dykk inn i Facebookgruppa “Barneidrett Sogndal Idrettslag 7 år” for info, m.a. om tid for oppstart etter nyttår. https://www.facebook.com/groups/342482896544633/

7 årsgruppa (kull 2012)

For dei som ynskjer å vere med på ski kan de delta på skileik i Hodlekve tysdagar kl 17:30-18:30 f.o.m veke 2. Oppmøte ved tidtakarbui i Hodlekve. Ta med ski og varme kle. Skielik saman med 5-6 åringane fram til skicupen startar. Då følg vi opplegget til Langrennsgruppa. Sjå info om oppstart og påmelding til skicup på langrenn sine nettsider: https://www.sogndalidrettslag.no/aktuelt-langrenn

7-årsgruppa held også fram med innetilbod tysdagar kl 16:30-17:30 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebooksida “Barneidrett Sogndal Idrettslag 7 år” for info om oppstart etter nyttår https://www.facebook.com/groups/342482896544633/

Lilly Schøyen er valt som styremedlem i det første styret til Vestland idrettskrets

Vår eigen Lilly Schøyen er valt som styremedlem i det første styret til Vestland idrettskrets 👏. Stolt idrettslag 💕 gratulera Lilly og dei andre som blei valt. Historisk dag for Vestland, idretten og vår eigen Lilly er ein del av den historia 😍

https://www.idrettsforbundet.no/idrettskretser/sogn-og-fjordane-idrettskrins/nyheter/nils-r.-sandal-vald-som-leiar-i-vestland-idrettskrets/?fbclid=IwAR3NHUdFB0K6kDDChIZTsL8BlryyE5WBOgICR4rHzWSs8asGBl_MI9mY10M

Vestland idrettskrets_Nytt styre_101119.jpg