Registrering av medlemskap

Sogndal idrettslag nyttar Min Idrett som verktøy for å registrere medlemmar. Føresatte registrerar sjølv barnet sitt som aktiv deltakar hjå oss både på symjekurs og på symjetrening. Det enkleste er at foreldre registrerer seg sjølv i Min Idrett og deretter legger til barn som familiemedlemmar. På Min Idrett har du full oversikt over barnet ditt sine opplysningar og andre aktive familiemedlemmar.

Les meir om dette på nettsida til Sogndal idrettslag; https://www.sogndalidrettslag.no/minidrett/. Du finn min idrett her; https://minidrett.nif.no

Årsmøte i symjegruppa 28.02


Styret kallar med dette inn til årsmøte i symjegruppa til Sogndal idrettslag.

Årsmøtet finn stad torsdag 28. februar 2019 kl. 17.00 på Campus Helse, lokalisert i 1 etg. over Idrettsenteret. Me samlast til årsmøte medan ungane våre er i bassenget.

Saker som eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må bli sendt til styret seinast 21. februar på mail til; maybritthauge@hotmail.com.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på FB sida og nettsida til symjegruppa.

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av symjegruppa i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.

Velkomen til årsmøte!

Orientering: Innkaling til årsmøte

Innkalling til årsmøte i orienterinsgruppa i SIL

Styret kallar med dette inn til årsmøte i orienterinsgruppa i SIL.

Årsmøtet finn stad 28. Februar 2019 kl. 20.00 i Deponiet på Campus (3. etasje rett overfor innovasjonsbygget).

Saker som eit medlem ønskjer å få tatt opp på årsmøtet, må bli sendt til styret seinast 15.februar til jorunn.kristin@online.no.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på  https://www.sogndalidrettslag.no/aktuelt-orientering/ og orienterinsgruppa i SIL si FB-side.

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av orienterinsgruppa i SIL i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift.  Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For mier informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.


Velkomen til årsmøte!

Turndag

Sogndal turn ynskjer alle store og små, besteforeldre og alle andre hjarteleg velkomne til å sjå kor flinke turnarane våre er vortne!

Turndagen vert i år halden på Vesterland, måndag 11.februar kl 17.00 - 19.30.

Alle turnarar må møte til kl 17.00 denne kvelden.

Parkering:

Det er parkeringsplassar både framom, på “bortsida” og over kafeen på Vesterland, Dersom det vert fullt på desse plassane er det òg mogleg å parkera på travbana. Ein bør då rekna fem minuttar til å gå til Vesterland.

Bilettpris: kr 30,- per vaksen. Born er gratis.

Det vert sal av kaffi og kaker - vel møtt!

Turn: Innkalling til årsmøte

Styret i Sogndal turn kallar inn til årsmøte tysdag 26. februar kl. 18.00 i Flostova på Fosshaugane Campus.

Saklista er som følgjer:

  1. Opning av årsmøtet

  2. Godkjenning av innkalling og sakliste

  3. Val av ordstyrar og skrivar

  4. Godkjenning av årsmelding

  5. Godkjenning av rekneskap 2018 og budsjett 2019

  6. Val

  7. Ymse

Andre saker må meldast til styret på e-post til Agna Hollekve (leiar) innan 12. februar. E-post: agna.hollekve@outlook.com

Vel møtt!

Klatring: Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte i Sogndal Klatreklubb SIL

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Sogndal Klatreklubb SIL. 

Årsmøtet finn stad 26. Februar 2019 kl. 19.30 i Flostova på Campus. 

Saker som eit medlem ønskjer å få tatt opp på årsmøtet, må bli sendt til styret seinast 12.februar til sogndalklatreklubb@gmail.com.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på https://www.sogndalidrettslag.no/aktuelt-klatringog Sogndal Klatreklubb SIL si FB-side. 

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av SKK SIL i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift.  Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For mier informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.


Velkomen til årsmøte!

Årsmelding

Saksliste

Buldrecup - Våren 2019

Sogndal Klatreklubb SIL er klar til Buldrecup - Våren 2019

Buldrecupen er eit uformelt og sosialt tiltak som Sogndal Klatreklubb SIL arrangerer fire tirsdage i "vinter/vår" sesongen:

  • Vol. 1: 5. februar

  • Vol. 2: 26. februar

  • Vol. 3: 26. mars

  • Vol. 4: 30. april

Hvem skal ha pokalen med heim?

Vi legg saman resultatene frå alle fire buldrecups og finn ein samlet vinner = den mann og den kvinde som har klatret flest buldre :)
Det blir og loddtrekningspremier og ein får eit lodd for kvar buldrecup dei har veret med på.

Hugs å registrere deg i resepsjonen hos Sogndal Klatresenter/Idrettssenteret før du startar økta i buldreveggen.

Som besøkande, utan medlemsskap ved Sogndal Klatresenter/Idrettssenteret, skal ein også registrere seg i resepsjonen og betale drop-in før ein startar økta.

Meir info på Facebook

SIL medlemskontingent 2019 er på vei

SIL medlemskontingent 2019 er på vei

Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettslaget og går mellom anna til å forsikre utøvarane, administrasjon av idrettslaget og fordeling mellom gruppene.
PS Mange får flere fakturaer pr. aktiv. Dette kommer av at faktura blir sendt til både aktiv, og registrerte foreldre. Det er mao. ikke dobbelt-fakturering. Dersom du betaler via MinIdrett vil du enklere ha en oversikt over hvem du har betalt for.

Slutt for barneidrett 2. og 3. klasse

Slutt for barneidrett 2. og 3. klasse

På grunn av liten deltaking ser vi oss nøydd til å avslutte tilbodet om barneidrett for 2. og 3. klasse på torsdagar. Vi beklager at treningstidspunktet kolliderer med for mange andre tilbod, og at vi ikkje har moglegheit til å oppretthalde tillbodet ved å flytte til ein anna dag. Det skal også høve for dei som skal vere trenarar, og då er dessverre dette resultatet.

Klatring: påmeldinga for vårsemesteret 2019 er åpen

Alle gruppene har oppstart i veke 3 (14.-18. januar). Siste gong i veke 22 (27.-31. mai).
Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.

Tilbod våren 2019:

  • Barneklatring yngre 6–7 år: mandager kl.17:00-18:30.

  • Barneklatring yngre 8-9 år: måndagar kl 17:00-19:00 og torsdagar kl 17:00-19:00.

  • Barneklatring 10-12 år: onsdagar kl 17:00-19:00.

  • Ungdomsklatring 13–19 år: onsdagar kl 19:00-21:00 (med- og utan brattkort)

  • Foreldrekurs topptaukort.

  • Foreldrekurs brattkort.

Deltakarar som deltok på kurs eller i klatregruppe hausten 2018, må melde seg inn på nytt for våren 2019. Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.

Faktura vil bli sendt ut i løpet av våren 2019.

Klikk her for påmelding