Informasjon/Invitasjon til Taekwondo Pensum-seminar hjå Skedsmo Tan Gun

Alle medlemmar av SIL Taekwondo er inviterte til pensumseminar hjå Skedsmo Tan Gun helga 22.-23. April. Seminaret er ei god moglegheit for eit djupdykk inn i pensumet ditt til gradering og kjem til å ha eit fokus på mønster, avtalt kamp, brekking og frikamp. Det kjem og til å bli holdt ein prøvegradering på slutten av lørdagen. 

NB: Alle Dan-kandidatar (1.Cup) og Dan som skal gradere seg til sommaren må delta på seminaret.

Meir info/påmeldingsskjema finn ein her.

Artikkel om graderingshelga i SIL Taekwondo

FLOTT KAMPSPORT-HELG I SOGNDAL

Sogndal IL Taekwondo hadde si halvårlege graderingstilstelning på søndag.

Dette vart kombinert med ein lang laurdag tettpakka med ulike treningar med høgt kvalifiserte instruktørar.

Taekwondo, Muay Thai og K1

Vår kampsport er Taekwondo, og det er der tyngden av trening ligg, men det er alltid inspirerande å invitere inn andre kampsportar. Taekwondo, som kjem frå Korea har t.d. sterke band til den japanske karaten. No vil kanskje mange oppfatte slektskapet mellom Taekwondo og t.d. Muay Thai som fjernt, men me kjenner att grunnteknikkar og grunntankar, sjølv om anna er ulikt.

Denne gongen var det Sogn Martialarts ved verdsmeistaren Tiago Mendes og Sondre Walsvik, i tillegg til den profesjonelle K1-utøvaren Ruben Perez Mora som var spesielt inviterte.

I tillegg hadde klubben henta inn ei rekkje høgt kvalifiserte Taekwondo-instruktørar til å leie dei ulike klassane. Master Morten Sunnset Larsen (Skedsmo Taekwondo), Master Lasse Lerum (Vevring Taekwondo), PT Jason Aaron Davidson (Gjerdrum Taekwondo), Master Ragnar Furuli     (Beak Ma Taekwondo, Elverum) og Robin Bergli (Tustna Taekwondo) er alle gamle kjenningar. Runar Langeteig var og heim att og køyrde trening for dei yngste tigrane våre.

Alle aldrar, alle grader

Det som er spesielt med Kampsport er at alle trenar med kvarandre. Fleire generasjonar, båe kjønn og ulike grader delar parketten.  Samhaldet er viktig. Alle skal vise kvarandre respekt. Disipin er viktig, og dette er fyrst og fremst for å få effektive treningar med godt utbyte for alle.  Me trenar slag og spark mot kvarandre. For å unngå skader er det heilt sentralt å ha god sjølvkontroll og godt fokus på treningane.

Gode vener

Helga handlar ikkje berre om kampsport. Det sosiale er óg viktig. Våre utøvarar får vere saman, både i treningssal og på kveldstid. For å bli god må ein ha gode treningspartnarar rundt seg, og for å trivast i miljøet treng ein gode vener. I tillegg får alle sjansen til å bli kjende med nye vener, då me har tilreisande frå mange kantar av landet. Som regel har vennelista på facebook auke etter ei slik helg, og tal kjende andlet aukar for kvar gong me dreg på besøk til andre klubbar.

Å drive kampsportklubb i utkantar

Eit stort nettverk er spesielt viktig når me bur her me bur.

På austlandet er det korte avstandar, og klubbar kan lettutveksle instruktørar. Me har ikkje den same luksusen, men med sosiale medium kan me lett hente inspirasjon og kjapt få svar på spørsmål. I vår interesseorganisasjon TAN (Taekwondo Association Norway) er det lett å spørje andre klubbar og instruktørar om hjelp, og alle stiller opp utan å ta betalt.

Gradering

Søndag var graderingsdag, og 40 av våre utøvarar gjekk opp til gradering, og alle bestod. Å halde nervane under kontroll og fullføre alle deloppgåvene i ei gradering er ein prestasjon, og alle held også eit høgt nivå, noko graderingsansvarleg Master Morten Sunnset Larsen gav uttrykk for. Dette er kjekt å høyre, og gir alle oss i klubben motivasjon fram mot sommar og nye graderingar!

Tusen takk alle for ei flott helg!

 

KM helg langrenn i Hodlekve

KM helg langrenn i Hodlekve

Denne helga var det KM helg i langrenn for hele landet. Tre dager fra fredag til søndag var satt av til langrennsøvelser og for Sogn og Fjordane sin del var KM i år fordelt slik at IL Bjørn arrangerte KM friteknikk på fredag,  Jotun/ÅTIL hadde sprint på lørdag og Sogndal IL hadde klassisk på søndag.

Resultatliste SFF KM klassisk søndag 29. januar

Resultatlista fra dagens KM klassisk er klar. Se den her

Deltakerliste, startliste og Live resultater her