Oppstart symjetrening haust 2016

Symjetreninga startar oppatt i veke 35 (1.september). Treningstida vert torsdagar kl. 18.00-20.00 for barn og ungdom. Me gjekk tidlegare ut med trening også på tysdagar, men har valgt å avvente litt med denne dagen då tildelt treningstidspunkt var noko ugunstig.

Treningane vert i Lustrabadet dette halvåret pga. vedlikehald av idrettshallen/symjehallen i Sogndal. Avreise er kl. 17.15 frå skysstasjonen, forventa ankomst tilbake i Sogndal ca. kl 21. Me organiserer køyring med privatbilar + trenar (rullering mellom foreldra). For påmelding og spørsmål kontakt Ingunn Stavø tlf.: 92612639, e-post: inghatstavo@hotmail.com

Trenar (Marie Øverland) ønskjer å få ei melding om kven som kjem til kvar trening. Send difor ein sms innan kl. 18 dagen før. Mobnr 90124957

For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, registrere seg på MinIdrett. http://www.sogndalidrettslag.no/minidrett/  Vi ber om at dette blir gjort før utøvaren møter til sin første trening. 

Prøvetrening

Om du er nyfiken på korleis det er å symje saman med oss eller om symjingtrening faktisk er like kjekt som det ser ut til, då kan du delta på to treningar utan å betale. 

Vasstilvenningskurs

Me jobbar i tillegg med å få til eit vasstilvenningskurs for dei yngste på Vesterland seinare i haust. Meir info kjem etterkvart.

To Sogndøler oppnådde tittelen Master i Taekwondo!

Fredrikstad 11.06.2016

Trond Schøyen Høgi og Lasse Lerum gjekk i helga opp til 4.dan på den tradisjonelle sommarleiren i Fredrikstad. Denne graden betyr at dei kan titulere seg Master i sin kampsport.

 

To slitne, men nøgde masterar.Frå venstre; Master Morten Sunnset Larsen (Skedsmo), Master Lasse Lerum (Vevring), Grandmaster Sigvald Martinsen (Sverige), Master Trond Schøyen Høgi, Master John Kirkwood (Skottland)Foto: Runar Langeteig

To slitne, men nøgde masterar.

Frå venstre; Master Morten Sunnset Larsen (Skedsmo), Master Lasse Lerum (Vevring), Grandmaster Sigvald Martinsen (Sverige), Master Trond Schøyen Høgi, Master John Kirkwood (Skottland)

Foto: Runar Langeteig

 

Barndomsvener

Trass i at dei no er hovudinstruktørar i kvar sin klubb, Trond i Sogndal, og Lasse i Vevring, har dei trent saman sidan dei var svært unge. Då Trond starta var det med Lasse som instruktør. Trond var med å starte dagens Taekwondoklubb i Sogndal, og Lasse starta klubben i Vevring. Dei er båe einige om at det å få gjere graderinga saman gjorde det til ei heilt spesiell oppleving.

 

Tidkrevjande

Det er uråd å rekne på kor mange timar dei to har brukt på Taekwondo, for å nå det nivået dei no er på. Ikkje er det viktig heller. Det viktigaste har alltid vore gleden ved å stadig lære og meistre nytt pensum. For utlærd vert ein aldri.  Og like viktig som eiga mestring er å instruere og sjå elevane utvikle seg.  

 

Livsstil

Når ein brukar så mykje tid på idretten sin er det klart at det vert ein livsstil. Dei to har eit stort kontaktnett, i inn og utland, og med Internett er det ikkje viktig kvar i verda ein befinn seg. Det er lett å spørje andre masterar og grandmasterar, og svar får ein alltid. Dei to trekk fram master Morten Sunnset Larsen og miljøet i Skedsmo Tan Gun Taekwondo som viktige for dei to klubbane i Sogndal og Vevring.

 

Vennskapsklubbar

Me er med i interesseorganisasjonen Taekwondo Alliance Norway (TAN), saman med Skedsmo og tre andre klubbar, og det er viktig å ha slike vennskapsklubbar. Men ekstra gode vener er sjølvsagt me i Sogndal og Vevring. Me besøker kvarandre og trenar saman når me har anledning, og er alltid gjensidig opptekne av at det går bra for alle utøvarane våre i konkurransar og graderingar.

 

 

 

Sommarleir og gradering – moro, lærerikt og sommarfuglar i magen

I nydeleg solskin held 200 deltakarar hus i Kongsteen hallen, like ved gamlebyen i Fredrikstad, kjend frå årets ”Anno”.

Det kitla i magen, og eg hadde nesten ikkje lyst på frukost i dag tidleg. Men no gjer det ingenting, for eg greidde det, seier ein av dei unge deltakarane. Det kitlar i magen på oss vaksne óg, seier Olav Arild Barsnes. På eigne vegne, men sjølvsagt like mykje på dei unge sine vegne. Det er like spennande kvar gong, men du verden så moro det er å sjå mestringskjensla når dei vert applaudert av golvet etter å ha vist fram pensumet sitt. Heldigvis gjekk det bra med alle.

Tre nye svartbelter i klubben, saman med Master. Frå venstre: Kristoffer Molland, Linda Sæthre Ediassen, Master Trond Schøyen Høgi, Olav Arild BarsnesFoto: Runar Langeteig

Tre nye svartbelter i klubben, saman med Master. Frå venstre: Kristoffer Molland, Linda Sæthre Ediassen, Master Trond Schøyen Høgi, Olav Arild Barsnes

Foto: Runar Langeteig

Nesten 50 deltakarar med foreldre og sysken har teke vegen frå Sogndal denne helga. Å gradere seg til nytt belte er sjølvsagt viktig, men like viktig er det å møtast, å bli kjend med nye vener, og å hente heim inspirasjon og kunnskap frå svært dyktige utøverar frå inn- og utland. Dette er vorte ein tradisjon. Me reiser heile familiane. Mange legg inn reservasjon på hotellrom for neste år i det dei sjekkar ut.

 

Glad Sogndalsgjeng med nye grader.Foto: Cathrine Hovland

Glad Sogndalsgjeng med nye grader.

Foto: Cathrine Hovland

 

FAKTA OM TAEKWONDO

Taekwondo er ein Koreansk kampsport, med svært gamle røter. Teknikkane har m.a henta inspirasjon frå kampsportar i nabolanda (Karate i Japan og Kung-fu i Kina).

Taekwondo er i dag ein global internasjonal idrett og ein olympisk konkurranseidrett. Den er mellom dei 10 mest utbredde idrettar i verda, med 50 millionar utøvarar. I Noreg er det ca. 16500 utøvarar, noko som gjer Taekwondo til den største kampsporten her i landet. Direkte oversatt betyr «taekwondo» fot, hånd og kunst/veg. Tae (fot), symboliserer kroppen sine nedre deler, altså føter . Kwon (hand) symboliserer kroppen sin øvre del, altså overkroppen. Do (kunst/veg) symboliserer hovudet, det vil seie tanken eller ånden.

 

 

 

App til MinIdrett gjer jobben lettare

https://www.idrettsforbundet.no/Nyhet/oppdatert-min-idrett-app-tilgjengelig/

Norges idrettsforbund (NIF) har lagt ut nyhende om oppdatert app for MinIdrett. Dei skriv

Min idrett for iOS og Android er lansert i ny versjon med nytt og forbedret utseende. NIF ønsker å gjøre det enda enklere for medlemmer og foresatte å administrere deltagelse i idretten.

Appen lar deg raskt og enkelt ordne med blant annet påmeldinger, betalinger og lisenser. Betal medlemskontingenten mens du venter på bussen, meld deg på helgens arrangement mens du står i kassekø på butikken. Og trenger du å oppdatere podens profil, så kan du gjøre dette i en fei.

Min idrett gir deg tilgang til alt dette:

  • Terminliste, påmelding og betaling til arrangement
  • Online betaling av medlemskontingent, aktivitetsavgifter og annet fra KlubbAdmin
  • Online betaling av lisens og oppgradering av lisens
  • Nedlasting av Medlemskort og Lisenskort
  • Søke medlemskap i klubb
  • Tilgang på familiemedlemmers profil
  • Kalendervisning

Last ned appen nå! 

17. Mai program for Taekwondo

Til Sogndal IL Taekwondo medlemmar og foreldre

17.mai går klubben i folketoget under SIL, og eiga fane. I toget går vi i drakt. Vi stiller opp med høgste grad fremst og nedover. Ta med ei jakke/gensar/skiftetøy. Når vi kjem opp på Fosshaugane skiftar vi eller tek på oss jakke/gensar, vi skal ikkje vise overdel og belte når toget er ferdig. Premie for beste klubb i toget.

Folketoget: 15:30 oppstilling i Parkvegen (retning Lægreid hotell)

Kl. 16:00 toget går: Allmenningen - Fosstunet - Hofslund - Gravensteinsgata - Ålkrysset - Billaget - Dalavegen - Fosshaugane

 

17.mai har Sogndal IL Taekwondo ansvaret for leikane på Fosshaugane. Dei som er sett opp på ein leikestasjon, møter der når toget er oppe på bana. Leikane skal starte etter Nasjonalsongen.

Jobben vert slik: - organisere aktiviteten på leikestasjonen

- passe på køkulturen, slik at alle får det kjekt

- dele ut snop til premie, papir skal i bossbøttene

 

Dugnadsliste: - Limbo: Guri Nordheim

- Tautrekking: Kjell Olav Nordheim

- Potetløp: Forelder til Peter Storegjerdet

- Fotball "blink" rokkering i mål: Olav Arild Barsnes

- Stafett med ballongar: Alvhild Feidje

- Tennisball i bøtteblink: Viljar Sæthre Ediassen

- Ringspel: Frida Feidje Rørvik

 

Kontaktperson på bana: Alvhild Feidje (92068753)

Alvhild: klargjere/handle inn til leikane i forkant (handle inn premiar og lage dugnadslister)

Alvhild og Olav Arild: Sette opp leikestasjonane 17.mai etter opplegget på Trudvang er ferdig

Rydde på plass etterpå

 

Mvh

Sogndal IL Taekwondo

Påmelding til sommarleiren 2016 Taekwondo

Det er no mogleg å melde seg på sommarleiren her:
https://www.deltager.no/sommarleir_2016
Påmeldingsfrist er 15.Mai

Ein kan melde seg på so fort ein har fått klarsignal frå Trond at ein er klar til gradering. Prøvegradering har starta for lengst, og det er anbefalt å møte opp på framtidige treningar vist ein ikkje har fått prøvegradert seg enno.

NB: Teoriprøven for 4.Cup og oppover er satt til 31.Mai. Vist ein ikkje har begynt å lese på teorien allereie, er det anbefalt å begynne no.

Informasjon om medlemskontingent for 2016

Hei 

Idrettslaget har ikkje sendt ut faktura for medlemskontingent for 2016 enno.

Dette fordi vi arbeider med å konvertere medlemslista vår inn i MinIdrett. Mange er alt komme over i MinIdrett, men ikkje allle. 

Når vi er ferdige med konvertinga vil vi sende ut faktura for medlemskontingent til kvar og ein av dikka. 

Så lenge du har betalt medlemskontingenten for 2015 er du å rekne som medlem til vi fakturera ut medlemskontingent for 2016. Det betyr også at du kan nytte deg av medlemsfordelene og at du er forsikra. NB! hugs at alle frå og med 13 år også må løyse lisens for å vere forsikra når du utøver idrette tilknytt eit særforbund, som t.d. turn, friidrett, handball osv..

Idrettslaget reknar med at vi sender ut faktura for medlemskontingent innan utgangen av mai. 

 

Meir informasjon om MinIdrett og medlemskap sjå http://www.sogndalidrettslag.no/bli-medlem/