Sjå bursdagshelsinga Sogndal intersport har sendt oss....
Vårduppen 2016 - Symjestemne
Eid Symjeklubb inviterer med dette til åpent og rekruttstevne i Eid Idrettshus. Stevnet er i samsvar med NSF’s lover, reglar og terminliste.
STEVNESTART: Laurdag 12. Mars kl 13.00 Innsvømming kl 12.00
Søndag 13. Mars kl 10.00 Innsvømming kl 08.30
Påmelding seinast onsdag 02. mars 2016
Meir informasjon finn du her Innbydelse .
Vinterferie - det er ikkje trening i veke 7
I veke 7 er det ikkje turntreningar.
Skicup 4. runde
Skicup runde 3 - resultater
Dere finner dagens resultater på Resultat siden
Innkalling til årsmøte i symjeklubben
Symjeklubben sitt årsmøte blir avvikla kl. 18:00 til 19:30 17. februar 2016 i Flostova på Campus.
Alle medlemar av symjeklubben er hjarteleg velkomne til årsmøte.
Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 1 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag vil vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.
Saklista er
1. Godkjenne dei som har stemmerett
2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
3. Velje dirigent(ar), referent(ar) og 2 medlemer til å skrive under protokollen
4. Handsame symjeklubben si årsmelding
5. Handsame symjeklubben sin rekneskap
6. Handsame forslag og saker
7. Fastsetje treningsavgift
8. Vedta symjeklubben sitt budsjett
9. Gjere følgjande val:
a) Leiar og nestleiar
b) 3 styremedlem og 1varamedlem
c) Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varamedlem for neste årsmøte
Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter skal varamedlemene veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjord i høve til stemmetal.
Valkomiteen skal veljast på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret.
Skicupen i morgen: Skøyting
SIL Langrenn på Facebook og nett
Resultater fra 2. runde av Skicupen
Vi hentet inn litt ekstra kompetanse og denne gangen gikk Skicupen knirkefritt.
Resultatene finner du her
Årsmøte i SIL Taekwondo 2016
Innkalling til årsmøte 2016 i SIL Taekwondo
torsdag 11. februar kl 20.00 i Flostova, Campus
Framlegg eller saker de ynskjer handsama på årsmøtet sendast styreleiar på epost: olav-arild@barsnes.net innan 01.02.2016
Sakliste vil bli sendt ut ei veke før møtet.
Vel møtt!
OPPDATERING:
Saksliste og andre tilhøyrande dokument er no klare.
Skicup - resultater første runde
Rekordmange deltakere og tekniske problemer ga en litt kaotisk start på Skicupen, men her er resultatliste fra første runde.
Takk for ei flott graderingshelg
No er graderinga over, og vil gratulere alle med ny grad. No er det berre i sette seg i hardtrening til sommarleiren!
Oppstart Skicup, Minicup og Skikarusell
Førstkommende tirsdag 19. januar ønsker SIL Langrenn langrennsløpere i alle aldre velkommen til starten på årets Skicup, Minicup og Skikarusell.
Påmelding og salg klippekort i SIL hytta. fra kl 17:30.
Les mer om Skicup/Minicup og Skikarusellen på SIL Langrenn sine websider.
Programmet for graderingshelga i Taekwondo
SIL 90 år
Billettsalet for Sogndal idrettslag sin jubileumsførestilling 30.1.2016 har starta.
Pris for born opp til 16 år: kr.90,- per billett og for vaksne kr.180,- per billett.
Vi kan by på artistar som Tone Damli Aaberge, Olav Stedje, Einar Bolstad, Gunn Marit Kvåle.
Taekwondo og turn skal ha show, og denne kvelden vil vi også dele ut æresmedlemskap og heidersteikn Vil du vita kven det er? Ja då må du kome!
Jon Navarsete med fleire har sett i saman ein fotomontasje og inviterer ein historietime der dei tek føre seg Sogndal idrettslag si historie. Vi startar fredag 29.januar kl.18:00 i Sogndal Bibliotek, Kulturhuset. Han syner bilete og fortel om historiske høgdepunkt.
Vel møtt til ein spennande vandring frå 1926 til 2016!
Årsmøte orientering
Turnstemne 16. - 17. april 2016
Trening i forkant av jubileumsførestillinga til SIL 30. januar
Påmelding til graderingshelg
Då er påmeldinga til trening- og graderingshelg klar. Frist 12.januar!
Kids-utøvarar betalar ingenting! Dei kan vere med på fellesøktene laurdag morgon. Kjem med ein timeplan om kort tid. Me kjem til å finne på noko sosialt laurdag kveld. Dette kjem me også attende til.
Trykk her for å melde deg på.
Skitrening i Hodlekve
Treningen denne uka blir skøyting tirsdag og klassisk torsdag. Skicupen starter opp neste uke 19. januar med klassisk.