Oppstart Taekwondo hausten 2015

Taekwondo startar no opp igjen for haustsemesteret.

18. August for Taekwondo-gruppa.
20. August for kids-gruppa.

Inntak av nye medlemmar:
15. September for Taekwondo-gruppa.
17. September for kids-gruppa.

NB: Nye medlemmar MÅ ta kontakt med Kristin Selmer 911 78 337 / kmselmer@online.no før dei møter opp på fyrste trening. 
Dette avdi me har venteliste.

Turngruppa i folketoget 17. mai

17. mai brukar turngruppa å stille i folketoget frå Parken til Campus. Vi oppmodar turnarar, trenarar og hjelpetrenarar om deltaking også i år, og håpar vi vert mange ! Turnarane må gjerne stille i turndrakt, men dette er ikkje eit krav. SIL-gensaren er også fin å bruke dersom det er kaldt, elles kan dei stille i finkleda for dagen om dei heller vil det. Oppstilling i Parkvegen kl. 15.30.

 Vi ønskjer alle ein flott nasjonaldag og god sommar! Så sjåast vi til ny turnsesong i september !

Helsing styret i SIL turn