Klatring

KLATRING FOR PERSONAR MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Neste klatreøkt er fredag den 16. mars kl. 18:00-20:00
Klikk her for Påmelding

Arrangementet er gratis, og klubben stiller med utsytr og blide instruktørar.

Det vil også vere moglegheit for at følgje kan få  prøve klatring. Oppmøte vert i klatrehallen ved klatre- og buldreveggen, sjå etter instruktørar i raude t-skjorter.

Vi arrangerer klatreøkter gjennom vinteren og utover våren 2018 på fredagar på følgjande datoar: 16.mars, 13.april og 4.mai.

Dato for neste klatreøkt blir også delt på vår facebook-sida.

Buldrecup sesongavslutning

Første tirsdag i september, oktober, november og desember har over 60 klatrere samlet seg i buldreveggen for å delta i Sogndal Klatreklubb SIL sin uformelle og sosiale buldrecup-konkurranse. 

Tysdag 5. desember var det sesongavslutning og ein samlet vinner bliv funnet. Vi gratulerer til Ragnhild Myhre og Casper Helmark Andersen med dei flotte vandrepokaler!!

Takk til alle som var med :) 

Vi gleder oss til ny sesong i 2018:
9. januar
6. februar
6. mars
3. april

resultatliset_K2.jpg
resultatliset_M2.jpg

Klatring: Årsmøte 5. desember kl. 19:30

Årsmøte i Sogndal klatreklubb SIL 5. desember kl. 19:30

Sjå facebook for informasjon

Innmelding av saker og kommentar er 21. november
Send e-post til sogndalklatreklubb@gmail.com

Sakliste årsmøte

  • Godkjenning av stemmeberettigede
  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Val av ordstyrar, referent og to medlemmer til å underskrive protokoll
  • Årsberetning v/ styreleiar
  • Barne- og ungdomsklatring v/Morten
  • Regnskap v/ Anne-Kjersti
  • Behandling av innmeldte saker
    • Sak 1.
      • Klubben skal ha eit boltelager tilgjengeleg for klubben sine medlemmar.  Lageret skal ha opptil  250 boltar med hengarar og 50 anker tilgjengeleg ved sesongstart. Klubben kan ha innkjøp for inntil 20 000 kr årleg til boltelageret.
    • Sak 2.
      • Søknad om NM i led og speed i 2018.
    • Sak 3. Gjenopning av klatrefeltet ”Loven” i Aurland.
  • Fastsette kontingent og treningsavgift.
  • Vedta budsjett
  • Val av styre

Invitasjon til klatringens dag og friluftslivets veke

Lurar du på om klatring kan vere noko for deg? Lite erfaring med klatring eller aldri prøvd å klatre ute før?

Denne dagen stiller klubben med utstyr, sikrarar og grillmat. Det blir ikkje eit kurs, men ein mulighet til å prøve klatring ute. Du treng ingen forkunnskapar, og treng ikkje å vere medlem. Men, vi håpar sjølvsagt at du får lyst til å melde deg inn i løpet av dagen! Det blir informasjon om klatrekurs og klatreklubben sine aktivitetar utover høsten.

Aldersgrense 16-60 år.

Sjå mer på facebook

Stad: Plommehagen.

Køyr i retning Årøy/Hafslo/Sognefjellet. Etter ca. fem minutt køyring fra Sogndal sentrum er det skilta mot Ølnes. Parker her. Gå 100 meter oppover vegen og til venstre gjennom Plommehagen. Begrensa med parkering, oppfordrar til samkøyring. Skriv gjerne i kommentarfeltet her om du har ein ledig plass i bilen. Svært viktig å ikkje parkere ute i vegen, då store køyretøy skal forbi. Parker kun på grusen og ikkje på asfalt. Om du ikkje finn parkering må du parkere lenger mot Sogndal og gå tilbake.

Kvam maraton 2017: Klatring i 12 timar

Takk til alle som var med heile eller deler av dagen :)
Det vart ein flott dag og god stemning!

Grattis til: 
Beste herrelag: Olav og David
73 ruter og 23 650 poeng på 12 timar

Beste damelag: Idunn og Jenny
66 ruter og 10 450 poeng på 12 timar

Og prisen for beste kostyme gjekk til... Ingri og Åse-Marie!

Porten.no var forbi og har skrevet ein fin artikkel frå dagen

Dugnad på klatrefeltet Kvam

Sogndal klatreklubb SIL ynskjer å takke dei som stilte opp på dugnad 23. august. Me håper dei nye benkane i Plommehagen kan vere til nytte for klatreentusiaster i lang tid framover.  

Me ynskjer å takke følgande som gjorde det mogleg og var med å rydda, pussa ruter og bygde dei flotte benkane; Gro Elisabeth Dvergeland, lurkisar frå Lurkarlaget, andre studentar frå Høgskulen, medlemmar og ikkje medlemmar.

Velkomen til barne- og ungdomsklatring hausten 2017

Tilbod hausten 2017:

  • Barneklatring yngre 6 – 7 år onsdager kl.17-18
  • Barneklatring yngre 8 - 9 år måndagar kl 17-19 og torsdagar kl 17-19
  • Barneklatring 10 - 12 år onsdagar kl 17-19  
  • Ungdomsklatring 13 – 19 år onsdagar kl 19-21 (med- og utan brattkort)
  • Satsingsgruppa mandager 13 – 19 år oppstart oktober
  • Foreldrekurs brattkort torsdagar kl. 17-19

Sjå fullstendig informasjon om prisar og tilbod for hausten 2017