Me jobbar som aktivitetsguidar i Sogndal idrettslag. Me fekk høyre at planane om å byggje ein ny fleirbrukshall i Sogndal kommune kanskje ikkje får løyvd pengar. Dette synest me er utruleg trist.
Uro og bekymring i idrettsleiren – blir det basis- og fleirbrukshall i idrettsbygda?
Sidan 2011 har det blitt jobba for å realisere ny basis- og fleirbrukshall. Det har vore ein lang prosess, men med jamn framdrift og fleire vedtak i kommunestyrer om bygging. Til stor glede 😊
No er me uroa og bekymra for framdrifta......kva skjer?
I notat til finansutvalet 16.11.23 vert det tilrådd å fjerne basis- og fleirbrukshall frå skuleprosjektet. Dette grunna plassmangel på Trudvang tomta og ønske om innsparing på kommunen sitt budsjett.
Kommunedirektøren skriv:
“Eit gymareal på skulen må rette seg etter krava til idretten for å kunne løyse ut spelemidlar. Ein volleyballbane/liten idrettshall på 384 kvm vil gjere det. Arealet må kunne delast i to med skiljevegg slik at to klassar kan vere der samstundes … Om ein vel ei slik løysing for å redusere kostnadane ved prosjektet vil kommunedirektøren gjere merksam på at dette med stort sannsyn betyr at det ikkje kan byggast ny basis- og fleirbrukshall på lang tid. På Trudvangtomta vil det vere svært vanskeleg å bygge dette etter ferdigstilling av utbyggingsprosjektet. Det vil medføre stor innverknad på skuledrifta og det vil vere krevjande å handtere tryggleiken i byggefasen. Ei eventuell bygging anna stad i Sogndal, t.d. på Kvåle, vil medføre ekstra riggkostnad slik at det ikkje vil vere mogleg å bygge tilsvarande det som vert innsparinga ved å ta hallen ut av prosjektet med ny skule på Trudvang.”
(les hele saksfremlegget her s6-8)
Behovet for basis- og fleirbrukshall er stort. Det har blitt grundig dokumentert tre gonger sidan første kartlegging i 2013. Da var medlemstalet 900, og ved siste behovskartlegging var vi 1350. I 2023 er vi 1656 medlemmer per 17.11.2023!
Og, samstundes som folketalet og behovet er veksande, er innandørs idrettsareal i Sogndal vorten mindre enn det var i 2013.
Det er i dag mykje fokus på helse, både fysisk og psykisk, og det er no viktigare med breddeaktivitetar som gir eit variert tilbod til innbyggjarane uavhengig av alder og inntekt. Difor er det så viktig med nok sunne og inkluderande arenaer der ein møtes på tvers av interesser, kultur og nivå. Fleire treningsflater genererer meir aktivitet.
Meir aktivitet gjer at ein får fleire tilbod og større sjanse for at alle finn noko ein trives med. Og ikkje minst at alle dei frivillige som brukar store deler av fritida si treng gode rammevilkår og forutsigbarheit.
Det er i dag langt fleire innbyggjarar i Sogndal enn i 2013 og idrettslaget har langt fleire medlemmar enn i 2013. Vi har i dag 18 ulike grupper der fleire av gruppene har venteliste på grunn av hallkapasitet og mangel på frivillige.
No må politikarane på bana!
Dei som har lova oss hallane og bedt oss gå gjennom dei rette kanalane. Vi har kartlagt komt med innspel og vore samarbeidsvillige heile vegen. Me har gjort alt de har bedt om og de har lovd oss på tru og ære. Kan vi tru på programparti og politiske lovnader?
Idretten har eit ansvar for folkehelse frå vugge til grav.
Kven skal vi prioritere?
Er det dei som skrik høgast?
Eller dei som betalar mest?
Åpen hall på Vesterland!
Turn juleshow!
KICKOFF 2023
Berre ei veke til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi, Kristin Ylvisåker og Runar Langeteig + konkurranse-teamet vårt!
Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2023
Me gledar oss til å sjå dykk alle!
Oppstart Karate
Oppstart barne- og ungdomsklatring!
Oppstart barneidrett og allidrett hausten 2023
Barneidrett og allidrett startar opp med treningar på Trudvang i veke 36
Barneidrett og allidrett er eit allsidig aktivitetstilbud for alle barn. Her får dei prøve ut ulike aktivitetar og idrettar med fokus på mestring og aktivitetsglede.
Barneidrett 0-4 år startar opp onsdag 6. september kl. 17.00-18.00 i gymsalen på Trudvang.
Barneidrett 5 år (førskule / siste år i barnehage) startar opp tysdag 5. september kl 17.00-17.45 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon:
Allidrett 1.-2. klasse startar opp tysdag 5. september kl 18.00-18.45 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon.
Allidrett 2.-5. klasse startar opp onsdag 6. september kl. 18.00-19.00 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon.
Kontaktperson: Ellen Eimhjellen Blom; tlf: 911 25943
Ein kan møte opp på treningane utover hausten og prøve barneidrett og allidrett utan å måtte melde seg på nokon stad på forhånd. Dersom barnet ditt ynskjer å fortsette kan de finne informasjon om innmelding i Sogndal Idrettslag her: Treningstider/treningsavgift. Innmelding i Sogndal Idrettslag gjer forsikring på treningane.
Ta kontakt med Aktivitetsguidane om du ynskjer hjelp til å finne fram, melde barnet inn i Sogndal Idrettslag, eller veit om nokon andre som treng hjelp.
Turn startar opp i veke 35
Medlemskontingent 2023
Påmelding til turn hausten 2023
Trening i gymsalen på Trudvang skole for mennesker med tilretteleggingsbehov
Informasjon om trening i gymsalen på Trudvang skole (Sogndal) for mennesker med tilretteleggingsbehov
Treningene er på tirsdager fra kl 19-20 i gymsalen på Trudvang skole.
Treningen er et samarbeide mellom NFU Sogndal og Vik, studenter ved HVL og Sogndal idrettslag. Treningen er hver tirsdag med felles start og deretter stasjoner med ulike aktiviteter tilpasset den enkelte. Alle har med seg egen ledsager. Husk innesko 😊
Nå i 2023 har vi fått 10.000 kr i støtte fra Norges idrettsforbund sin ordning Supersatsing:
«SUPERsatsing» er et samarbeidsprosjekt mellom idrettskretsene i Agder, Rogaland og Vestland. Satsingen skal bidra til at flere mennesker med utviklingshemming blir mer fysisk aktive, får oppleve økt mestringsfølelse og får bli en del av idrettsfamilien. https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/rogaland/Folkepulsen/supersatsing/
Det er derfor ekstra viktig at alle som deltar på treningene blir medlemmer i Sogndal idrettslag.
Se informasjon på nettsiden https://www.sogndalidrettslag.no/medlem
Eller ta kontakt med birte.barsnes.froyd@sogndalidrettslag.no med spørsmål om medlemskap i idrettslaget. Medlemskap koster 300 kr pr år
Turn på kretskonkurranse i Skavøypoll
SIL-prisen 2022
SIL-prisen for 2022 blei i år gitt til Rugby gruppa.
Grunngjeving for prisen: Rugby gruppa har hatt sitt første fulle driftsår som medlem av SIL og skapt stort engasjement i Sogndal. Dei har vore ein stor inkluderings bidragsyter og skapt positiv merksemd. Dei har klart å få med seg born ,unge og voksne og skapt ein trygg og morosam plass for aktivitet.
Gratulera so mykje til Rugby gruppa.
Årsmøte Sogndal idrettslag
Symjegruppa er redda - det er også eit livsviktig aktivitetstilbod!
ÅRSMØTE
Sogndal IL symjegruppa.
Årsmøtet fann stad torsdag 9.mars kl 20:00 på Høgskulebygget, 2. etasje, møterom Keiserinna.
Saksliste:
1. Konstituering og opning av møte
2. Val av
a) Ordstyrar – Svein Tore Sviggum
b) Referent - Harald Mo
c) To til å signere protokoll Elisabet Skrede og Susanne Kirkebø
3. Godkjenning av innkalling og saksliste
Godkjent
4. Årsmelding
Godkjent
5. Rekneskap
Godkjent
6. Budsjett
Godkjent
7. Val av styre
Følgjande nytte styre vart valt:
Leiar Elisabet Skrede Elisabet.skrede@hotmail.com tlf 91 86 60 50
Silje Heggestad silje@advokat-tollefsen.no tlf 91 64 40 35
Susanne Kirkebø susanne.kirkeb@gmail.com tlf 95 46 75 74
Sigrid Henjum sigrid.henjum@gmail.com 91 19 75 47
Ny styreleiar kallar sjølv inn til første møte.
8. Oppløysing og nedlegging av symjegruppa
Nytt styre valt så dette vart ikkje aktuelt
9. Eventuelle saker
Ingen
Forslag om å leggje ned symjegruppa!
Symjegruppa treng nytt styre, elles er det slutt etter over 40 år med symjegruppe i Sogndal.
Noverande styre har ingen ungar og deltek heller ikkje sjølv i aktivitetar i gruppa.
Eit nytt styre må veljast på årsmøte 9. mars 2023.
Årsmøtet finn stad torsdag 9.mars kl 20:00 på Høgskulebygget, 2. etasje, møterom Keiserinna.
Om ikkje nytt styre blir valt på årsmøte så vil det eksisterande styret foreslå nedlegging av symjegruppa.
Økonomi og aktivitet er god, men utan eit styre forsvinn dette aktivitets- og treningstilbodet.
Årsmøte i SIL Taekwondo 2023
Saksliste årsmøte i Sogndal Klatreklubb 7. mars 2023
Her er sakslista til årsmøte i Sogndal Klatreklubb SIL tysdag 7.mars 2023
Åpning
Godkjenning av innkallinga og saksliste
Val av møteleder, sekretær og 2 personar til underskriving av referat
Årsmelding
Regnskap og budsjett
Øvrige saker
Val av styre
Val av valnemnd
Avslutning av møte
Årsmøte i Allidrettsgruppa 8. mars kl 20.00 - Saksliste
Styret inviterer herved til årsmøte i Allidrett Sogndal Idrettslag.
Årsmøtet avholdes 8. mars kl. 20.00- 21.30 i Flostova, Fosshaugane Campus.
Saker som et medlem ønsker behandlet på årsmøtet, må sendes styret senest 5 mars til ellen.blom@hvl.no.
For informasjon om årsmøte, samt regler om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., se Sogndal Idrettslag sine vedtekter. Ved spørsmål som gjelder årsmøtet, kan Allidrett SIL kontaktes v/ Ellen Blom på e-post: ellen.blom@hvl.no eller telefon 911 25943
SAKSLISTE
Opning av årsmøtet
Godkjenning av innkalling og sakliste
Val av ordstyrar og skrivar
Godkjenning av årsmelding
Godkjenning av rekneskap 2022 og budsjett 2023
Val
Mål og hensikt med barne- og allidrettsgruppa
Hvem er målgrupper?
Hvilke grupper skal/kan vi ha?
Hva skal være hovedfokus for de ulike gruppene?
Rekruttering/ rullering av trenere og styremedlemmer
Navn på gruppa på SIL nettsider (nå heter vi Barneidrett – endre til allidrett?)
Div. info og mulige samarbeid:
Aktivitetsguidene
Ferie aktivitetsveker
Prosjektet Årshjul for mangfold og inkludering
Orienteringsgruppa
Trimgruppa
Basketgruppa
Andre
Inkludering og tilrettelegging i Sogndal Idrettslag – Foreslå ekstra styremedlem i SIL hovedstyre med ansvar for inkludering og tilrettelegging?
Ymse
Velkommen til årsmøte!
Med vennlig hilsen
Styret, Allidrett Sogndal Idrettslag