Flostova, onsdag 27.02.2019 kl. 18:00
Last ned referat frå årsmøtet 2019
Årsmøte i symjegruppa 28.02
Styret kallar med dette inn til årsmøte i symjegruppa til Sogndal idrettslag.
Årsmøtet finn stad torsdag 28. februar 2019 kl. 17.00 på Campus Helse, lokalisert i 1 etg. over Idrettsenteret. Me samlast til årsmøte medan ungane våre er i bassenget.
Saker som eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må bli sendt til styret seinast 21. februar på mail til; maybritthauge@hotmail.com.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på FB sida og nettsida til symjegruppa.
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av symjegruppa i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.
Velkomen til årsmøte!
Orientering: Innkaling til årsmøte
Innkalling til årsmøte i orienterinsgruppa i SIL
Styret kallar med dette inn til årsmøte i orienterinsgruppa i SIL.
Årsmøtet finn stad 28. Februar 2019 kl. 20.00 i Deponiet på Campus (3. etasje rett overfor innovasjonsbygget).
Saker som eit medlem ønskjer å få tatt opp på årsmøtet, må bli sendt til styret seinast 15.februar til jorunn.kristin@online.no.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på https://www.sogndalidrettslag.no/aktuelt-orientering/ og orienterinsgruppa i SIL si FB-side.
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av orienterinsgruppa i SIL i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For mier informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.
Velkomen til årsmøte!
Nye datoar for paraklatring våren 2019
Turn: Innkalling til årsmøte
Styret i Sogndal turn kallar inn til årsmøte tysdag 26. februar kl. 18.00 i Flostova på Fosshaugane Campus.
Saklista er som følgjer:
Opning av årsmøtet
Godkjenning av innkalling og sakliste
Val av ordstyrar og skrivar
Godkjenning av årsmelding
Godkjenning av rekneskap 2018 og budsjett 2019
Val
Ymse
Andre saker må meldast til styret på e-post til Agna Hollekve (leiar) innan 12. februar. E-post: agna.hollekve@outlook.com
Vel møtt!
Klatring: Innkalling til årsmøte
Innkalling til årsmøte i Sogndal Klatreklubb SIL
Styret kallar med dette inn til årsmøte i Sogndal Klatreklubb SIL.
Årsmøtet finn stad 26. Februar 2019 kl. 19.30 i Flostova på Campus.
Saker som eit medlem ønskjer å få tatt opp på årsmøtet, må bli sendt til styret seinast 12.februar til sogndalklatreklubb@gmail.com.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på https://www.sogndalidrettslag.no/aktuelt-klatringog Sogndal Klatreklubb SIL si FB-side.
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av SKK SIL i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For mier informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.
Velkomen til årsmøte!
Årsmelding
Saksliste
Buldrecup - Våren 2019
Sogndal Klatreklubb SIL er klar til Buldrecup - Våren 2019
Buldrecupen er eit uformelt og sosialt tiltak som Sogndal Klatreklubb SIL arrangerer fire tirsdage i "vinter/vår" sesongen:
Vol. 1: 5. februar
Vol. 2: 26. februar
Vol. 3: 26. mars
Vol. 4: 30. april
Hvem skal ha pokalen med heim?
Vi legg saman resultatene frå alle fire buldrecups og finn ein samlet vinner = den mann og den kvinde som har klatret flest buldre :)
Det blir og loddtrekningspremier og ein får eit lodd for kvar buldrecup dei har veret med på.
Hugs å registrere deg i resepsjonen hos Sogndal Klatresenter/Idrettssenteret før du startar økta i buldreveggen.
Som besøkande, utan medlemsskap ved Sogndal Klatresenter/Idrettssenteret, skal ein også registrere seg i resepsjonen og betale drop-in før ein startar økta.
SIL medlemskontingent 2019 er på vei
Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettslaget og går mellom anna til å forsikre utøvarane, administrasjon av idrettslaget og fordeling mellom gruppene.
PS Mange får flere fakturaer pr. aktiv. Dette kommer av at faktura blir sendt til både aktiv, og registrerte foreldre. Det er mao. ikke dobbelt-fakturering. Dersom du betaler via MinIdrett vil du enklere ha en oversikt over hvem du har betalt for.
Slutt for barneidrett 2. og 3. klasse
På grunn av liten deltaking ser vi oss nøydd til å avslutte tilbodet om barneidrett for 2. og 3. klasse på torsdagar. Vi beklager at treningstidspunktet kolliderer med for mange andre tilbod, og at vi ikkje har moglegheit til å oppretthalde tillbodet ved å flytte til ein anna dag. Det skal også høve for dei som skal vere trenarar, og då er dessverre dette resultatet.
Taekwondo graderingshelg 26.–27. januar 2019
Barneturnstemne 2019
Skavøypoll idrettslag inviterer til barneturnstemne i Deknepollen 6. – 7. april. For Sogndal turn er dette aktuelt for 4.klasse og oppover. Bindande påmelding er 1. februar, anten ved å levere inn skrivet utlevert på trening 14/1, eller på e-post til boeyum@hotmail.com
Her finn du meir informasjon om påmelding og om stemnet. Meir info kjem.
Hodlekverennet 2019
Barneidrett 2. og 3. klasse startar att torsdag 10.januar
Oppstart av symjekurs i februar
Kvart semester arrangerar symjegruppa symjekurs over ti gonger. Våre tilbod er;
Vasstilvenningskurs 6-7 år
Mandagar kl 18-18:30
(Foreldre er med i bassenget)
Symjekurs 7-8 år
Mandagar kl 18:30-19:00
(Barnet må kunne stå sjølv i bassenget)
Påmelding på mail til; katarinasolvi@yahoo.no
Oppstart turntreningar i 2019
Måndag 7. januar startar turntreningane att etter juleferien, og me gler oss til ein ny sesong med hopp og sprett på Vesterland.
Vel møtt!
NB! den første gruppa (6.klasse og oppover) skal framover starte treningane kl. 16.45, og ikkje kl 17 som tidlegare. Endringane gjeld resten av sesongen.
Klatring: påmeldinga for vårsemesteret 2019 er åpen
Alle gruppene har oppstart i veke 3 (14.-18. januar). Siste gong i veke 22 (27.-31. mai).
Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.
Tilbod våren 2019:
Barneklatring yngre 6–7 år: mandager kl.17:00-18:30.
Barneklatring yngre 8-9 år: måndagar kl 17:00-19:00 og torsdagar kl 17:00-19:00.
Barneklatring 10-12 år: onsdagar kl 17:00-19:00.
Ungdomsklatring 13–19 år: onsdagar kl 19:00-21:00 (med- og utan brattkort)
Foreldrekurs topptaukort.
Foreldrekurs brattkort.
Deltakarar som deltok på kurs eller i klatregruppe hausten 2018, må melde seg inn på nytt for våren 2019. Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.
Faktura vil bli sendt ut i løpet av våren 2019.
Klikk her for påmelding
Resultat frå buldrecuppen hausten 2018
Gratulerer til Arne Farestveit og Ronja Gesch, dei to vinnere av buldrecuppen hausten 2018!
Takk til alle som har vore med på god stemning i buldreveggen :)