Prøv orientering! Ein aktivitet som passar for alle aldrar og ikkje minst koronavennleg :)

Sesongstart for orientering 14.april

Orienteringsgruppa i Sogndal arrangerer kvar veke treningar rundt omkring i Sogndal kommune. Fyrste trening skjer på Røvhaugane i Sogndal.

Dato: 14.april
Stad: Røvhaugane (obs. nytt stad kvar veke)
Tid: kl.17-18:30

Alle som vil er velkomne! Vi har tilbod til nybegynnarar så vel som ekspertar. Spring aleine eller ta det som ein tur med gode vener/familie! Aktiviteten er koronavennleg då ein spring ute og kan halde god avstand.

Ikkje-medlemar betalar 30/60 (student, barn / vaksen). For medlemar er treninga gratis.

Møt opp når som helst på onsdagar mellom kl 17-18:30. Du får utdelt kart av arrangør, men kompass må du ta med sjølv. For dei enklaste løypene er ikkje kompass nødvendig. Ingen karterfaring er nødvendig.

Arrangør har på førehand lagt ut orienteringsflagg i skogen. På kvar post vil du finne eit orienteringsflagg som er kvitt og oransje som markerar posten. Løypene har vanlegvis frå 7 til 12 postar. For dei enklaste løypene er postane lagt tett på tursti. Ekspertar må rekne med å løpe mykje utanfor sti. Då er lange bukser kjekt å ha.

Viss du ikkje har moglegheit til å delta på treninga så kan vi gle deg med at postane vert hengjande ute ei god veke/10 dagar. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com så får du tilsendt kart over vekas løyper i pdf-format som du kan skrive ut heime.

Orienteringsgruppa har også eit heilt eige tilbod til barn i alderen 7-12 år med foreldre. Kvar torsdag i sesong (vår/haust) arrangerer vi trening for barna. Les meir om tilbodet her: https://www.sogndalidrettslag.no/o-trening-for-barn-og-unge

Lurer du på kvar og når vi skal ha trening? Sjå her: https://www.sogndalidrettslag.no/terminliste-for-orientering Vi håpar du får dilla på orientering og har lyst å bli med i gruppa :)

Helsing frå styret i orienteringsgruppa!