Invitasjon til taekwondo pensumseminar 28.–29. april 2018

Velkommen til pensum-/svartbelteseminar i gymsalen på Trudvang siste helga i april. Seminaret er ope for alle beltegrader frå 10. cup og oppover og er eit godt høve til å få ein grundig gjennomgang av ditt pensum, og til å stille spørsmål om det er noko du lurer på før gradering.

Seminaret er ikkje for Kid Kick elevar.

Seminaret vil fokusere på mønster, avtalt kamp, brekking og frikamp.
Dersom du er usikker på om du skal gradere deg kan du snakke med instruktørane på seminaret. Dei vil gi deg ein peikepinn på om du er klar eller om det er teknikkar du bør jobbe vidare med. 

1. cup og dan-kandidatar som skal gradere seg på sommarleir MÅ delta!

Stad: Gymsalen på Trudvang skule i Sogndal
Pris: kr 250,-
Utstyr: Drakt med belte + hansker dersom du har.
Mat: Ta med lunsj. Gratis frukt.
Påmelding innan 27. april 2018:
https://www.deltager.no/sil_taekwondo_tan_pensumseminar_28042018


Førebels timeplan:

LAURDAG
10.–1. cup – kvitt t.o.m.svart stripe

  • 10.00–11.20   Pensum 1
  • 11.30-13.00    Pensum 2
  • 13.00–13.30   Lunsj
  • 13.30–15.00   Pensum 3
  • 15.00–16.00   Prøvegradering

SØNDAG
1.cup og dan (Svartbelteseminar)

  • 10.00–12.30   Pensum
  • 12.30–13.00   Lunsj
  • 13.00–15.00   Pensum / prøvegradering