Styret i SIL har dei siste vekene jobba aktivt opp mot dei ulike politiske partia i kommunen med føremål om å auke det kommunale tilskotet til idrettslaga i kommunen. Våre styremedlem har mellom anna halde presentasjonar for kvart enkelt parti kor me har presentert SIL som organisasjon og det store behovet breddeidretten har for større areal og økonomisk stette for å halde leigeprisane nede.
Kommunestyret i Sogndal skal den 14. desember 2017 vedta ny økonomiplan for 2018-2021 med budsjett for neste år. Kommunestyret sitt vedtak vil i stor grad byggje på formannskapet si innstilling. I samband med formannskapets si handsaming av økonomiplanen denne veka har styret i SIL sendt eit brev til formannskapet. Her argumenterar me for at kommunen bør auke det kommunale tilskotet til idrettslaga.
For dei som ikkje veit det så har Sogndal kommune som eit overordna mål vedteke å vere blant dei fremste kommunane i landet på fysisk aktivitet og folkehelse. Rekneskap frå dei siste åra visar dessutan at kommunen har ein solid økonomi. SIL er difor av den klare oppfatning at Sogndal kommune både kan og bør prioritere å bruke meir midlar på sine idrettslag, og særskilt på barneidretten.
Link til SIL sitt brev til formannskapet kan de lese her.
No gjenstår det berre å sjå om dei folkevalde let seg overbevise og er einige med SIL.