Avreise
Oppmøte på Sogndal skysstasjon kl. 09.15 laurdag 16. april. Alle møter i svart genser frå kolleksjonen til SIL, svart bukse, og joggesko - klare til defilering (opptog).
Ta med
- God matpakke og godt med drikke (fellesmåltid først på kvelden)
- Sovepose
- Liggeunderlag eller luftmadrass
- Toalettsaker og handduk
- Klebyte, ytterkle og overtrekkskle
- Finkle til kvelden
- Joggesko
- Turndrakt til jentene
- Kvit smal t-skjorte og svart shorts til gutane
- Nok lommepengar til heile helga
Trenarane bur saman med sine grupper. Alle foreldre som er med, er med som leiarar og fylgjer den gruppa der dei har sitt barn.
Dersom nokon skal køyre heim med foreldra eller andre må de gje melding om dette på førehand. Gje melding til Kari Ann Svedal Heggestad på mobil 48 15 71 30 snarast råd. Ingen må reise frå turnstemnet utan å gje melding til ein av leiarane.