Orienteringsgruppa i Sogndal IL og Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer barn og ungdom 8-18 år til O-TROLLEIR fredag 11. - laurdag 12. September. Samlinga blir ved Hodlekve skisenter med frammøte fredag kl 18 ved SIL-hytta. Avslutning laurdag ca kl 14 (du kan også delta kun laurdag kl 9-14)
Det blir mellom anna:
- skumringsløp for dei som vil fredag
- lagkamp med orienteringsmoment og litt andre oppgåver
- myrfotball
- premiar
Ta med:
- sovepose (madrasser i hytta)
- klede og sko til å vere ute med uansett ver
- klesskift
- handkle og toalettsaker
- hovudlykt/ lommelykt
- 200kr til overnatting og mat
Me ordnar mat til tre måltid, drikke og litt godteri til alle.
Leieren vil passe for alle ferdigheitsnivå og det sosiale kjem til å vere i fokus.
Påmelding innan onsdag 9.september til:
Jorunn Aa Albretsen, mail: jorunn.kristin@online.no, mobil: 99457432
Vel møtt ønskjer Jorunn og Anna-Karin
Vedlegg: Innbyding