Sogndalspelar på regionalt landslag for gutar 1998

Tommy Bäckström Vikdal er teken ut på regionalt landslag i regi av region vest. Dette er ei samling for dei beste av dei beste, og berre 25 spelarar har fått plass.  

Tommy kom til Sogndal handball før årets sesong, frå vår samarbeidsklubb Syril. I fjor spelte Tommy på utlån i Årdalstangen. Han valde i år å bli med på det nyoppstarta herrelaget her i Sogndal. Ein kjempespennande spelar for framtida kler seg no i  kvit sogndalsdrakt, noko vi er veldig stolte over her i Sogndal.

Vi ynskjer Tommy lykke til på samlinga 21.oktober i Bergen. (Foto: Ørjan Talle og Håvard Nesbø)