Gjennom helga var det fullt køyr med sprintløp i Sogndalsfjøra laurdag, o-troll og ungdomsleir på kvelden og KM Langdistanse sundag der løparar frå heile Sogn og Fjordane, og nokre frå nabofylka, fekk bryne seg på tøft terreng i haustsola i Rindabotn.
Med 80 og 60 deltakarar dei to dagane er vi godt nøgd med deltakinga og håpar både born og vaksne hadde det fint på løpa. Resultata ligg på Eventor. Der ligg også link til GPS-tracking i Livelox, kor vi håpar alle som brukte GPS lastar opp (kan laste opp direkte frå Strava, Garmin Connect m.fl.).
Eventor - Offisiell resultatliste for Sprintløp Sogndal (orientering.no)
Eventor - Offisiell resultatliste for KM-lang (orientering.no)
Onsdag arrangerer vi treningsløp i løypene frå sundag.
Etter sprinten bar det opp til Hodlekve for ungane som var med på treningsleir. Her stod både stjerneorientering og myrbading på programmet, og det var full aktivitet rundt skihytta i Hodlekve til lenge etter mørkret falt på!