Mange løyper er tilgjengelege i sommar
Orienteringsgruppa har lagt til rette for mange fine turopplevingar i sommar for dei som ønsker å springe orientering på eiga hand. I år kan vi tilby sommarløyper både på Mollandsmorki (Hafslo), Kleppa (Leikanger) og i Hodlekve (Sogndalsdalen).
Postane henger ute heilt til 13.august! Nb. Det er kun skjermar i skogen (uten postkodar).
Hodlekve - parker ved SIL hytta. Her er fem løyper, i tillegg til ein postplukk-løype (alle postene).
Kleppa (Leikanger) - parker ved skibakken. Det er fire løyper, alle med start på toppen av skibakken.
Mollandsmarki (Hafslo) - parker på Krossen (utgangspunkt for tur til Molden) og start ca 100 m frå parkeringa. Fire løyper.
Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com så får du tilgang på kart!
I tillegg minner vi om turorientering som også er tilgjengeleg i heile sommar. Sjå her for meir informasjon om turorientering.
God tur i sommar!
Helsing Sogndal IL - Orientering