Skøyteaktivitet på fjorden

Skøyteaktivitet på fjorden

Romjula 2005 har vore ei glede for skøyteentusiastar. Det har vore full aktivitet både på Barsnesfjorden og Sogndalsfjorden. Det er kjekt å sjå at både unge og gamle har vore utpå isen i jula. Det er trass alt ikkje alltid isen tek turen til Sogndal.

Det er ei stund sidan skøytegruppa var stor i Sogndal. Her følgjer kapittelet om skøyteaktiviteten i Sogndal henta frå boka "Sogndal Idrettslag 1926- 1976: Idrett- og lagsarbeid gjennom 50 år":

Skøytegruppa vart oppretta på årsmøtet hausten 1950, og i åra fram til midt i 60-åra var den i einskilde år den mest aktive av gruppene. Men etter den tid har gruppa lege meir eller mindre nede.

Vinteren 1951 vart bana på Fosshaugane islagd, og det første
Sognemeisteskapet vart avvikla her. Dette året fekk vi også Hans Engnestangen som trenar, og han kom tilbake kvar vinter til 1956, med unnatak av eitt år. Sogndal IL. kom så i åra framover til å dommere skøytesporten i fylket, og vi hadde i åra fram til 1958 3 internasjonale stemne (i 1955, 1956 og 1958), Vestlandsmeisterskap i 1957 og fleire Fylkesmeisterskap og Sognemeisterskap.
Til dei internasjonale stemnene hadde vi mellom anna deltakarar som Torstein Seiersten, Alf Gjestvang, Sigmund Søfteland, Roald Ås, Sverre Haugli, Johny Chronsey, England, Roy Tutty, Australia m.f 1. SIL fekk fleire Sognemeistarar i desse åra. Tore Sviggum var den første. Så hadde vi Magnus Kvam, Martin Sterri, Jan Andersen, Oskar Hilleren, Torfinri BjelIe, Finn Stecije og Johan Johannessen. Oskar Hilleren og Johan Johannessen var også Vestlandsmeistarar. Oskar Hilleren og Johan Johannessen, likeså tildels Finn Stedje, hevda seg også svært godt på det nasjonale plan etter at dei flytta til Oslo.

Forutan dei førenemnde meistarane, hadde vi også i desse åra ei stor breidde, særleg blant dei yngre årskiassane.

I første halvdelen av 1950-åra hadde vi eit svært godt samarbeid med Hafslo I.L. Hafslo hadde på den tid eit par eldsjeler som fekk stand eit par større stemne, særleg hugsar vi den såkalla «Hallisstemna» i 1952, der SIL var medarrangør. Til denne stemna møtte det opp bort i mot 4000 tilskodarar. Til vår internasjonale stemne 1956 var det samla mellom 2 og 3000 menneske på Fosshaugane. Skøytesporten skaffa SIL nokre hyggjelege og aktive år, med ei kolossal interesse og hjelpsemd frå bygdefolka. Dei første åra var det som nemnt problem med å få lagt is. Det var berre ei tunne med vatn oppå ein kjelke. Då vi fekk lagt vatn bort til plassen, vart det lettare. All islegging var i dei første åra på dugnad, og det vart for mange mykje kaldt nattarbeid.

Laget hadde også ein førsteklasses godt innarbeidd funksjonær- stab og inspirerande «speakere» til høgtalartenesta, som gjorde skøytestemnene til reine folkefesten.